Ei internasjonal forskargruppe har granska den norske lærarutdanninga.

Meiner lærarutdanninga bør bli minst 120 millionar dyrare

Meir pengar og større fridom er konklusjonen til ei internasjonal forskargruppe som i tre år har granska utdanninga for norske grunnskolelærarar.

Publisert

"Å nå målet for den nye masterutdanninga for lærarar krev djuptgripande kulturelle endringar for norske lærarar, for lærarutdannarane, for Kunnskapsdepartementet og for Nokut".

Slik står det i rapporten «Transforming Norwegian Teacher Education». Gruppa som slår dette fast er sett saman av skoleforskarar frå England, New Zealand, USA, Sverige og Finland. Rapporten, bestilt av Nokut, vart presentert 18.mai.

Meir pengar

Blant råda er at lærarutdanninga må få meir pengar.

Gruppa nemner ikkje ein sum, men seier at lærarutdanninga må opp ein kategori i finansieringssystemet for høgare utdanning.

Database for statistikk om høgre utdanning har for Utdanningsnytt rekna fram at i 2019 ville lærarutdanninga ha kosta 120 millionar meir, om utdanninga hadde vore i finansieringskategopri c, i staden for som nå, kategori d. Da var utgangspunktet talet på studentar i lærarutdanninga i 2019.

Gruppa oppsummerer målet for den nye lærarutdanninga til å vere å skape fagleg solide lærekrefter ved å integrere kunnskap og forskningskompetanse med utforskande praksisopplæring. Skal dette bli ein suksess krev det nye tankesett om ansvar, samarbeid og kva det vil seie å lære å undervise, ifølgje ekspertane.

I tillegg meiner dei det vil ta tid. Tid til risiko, og tid til å lære av lokale tiltak.

Sentralt i råda til Kunnskapdepartementet og Nokut er difor at lærarutdanninga ikkje berre får meir pengar. Gjennom fleire konkrete råd blir det presisert at institusjonane også må få tid og tillit til å utvikle seg.

Reformpause

Gruppa tilrår at det nå blir innført ein pause for reformar frå sentralt hald i lærarutdanninga. Lokale og regionale utviklingstiltak bør få støtte. Mastergradsrefoma bør ikkje evaluerast før etter sju år, når fleire kull har vore gjennom utdanninga.

I staden for å detaljstyre bør dei sentrale styresmaktene skape forutsetnader for stor kunnskap og sterkt ansvar internt i utdanninga

Oppfordringa om å ha tillit til lokalt initiativ hindrar likevel ikkje gruppa i å tilrå generelle tiltak om praksisopplæringa.

– Gå bort frå «skolebaserte dagar.» Sats på ein rikhaldig modell med praksisopplevingar av høg fagleg kvalitet for lærarstudentane, lyder eitt av råda.

Høgt på lista over råd til lærarutdanningsinstitusjonane står også å gi den eksisterande staben høve til å utvikle høgare forskarstatus.

Institusjonane får mange råd om korleis dei bør arbeide med masteroppgåvene studentane skal skrive.

– Erkjenn at det ikkje er semje i utdanningsfeltet om «praksisnært» som kriterium for grundig forskning, er eitt av råda. Ein felles refleksjon om dette og andre komplekse spørsmål må likevel til for å utvikle meiningsfulle vurderingskriterie for masteroppgåver, heiter det.

Byggjer bru

Men kva for heilskap danner oppramsinga av råd?

Det er ikkje umiddelbart lett å sjå, så Utdanning spør Kim Gunnar Helsvig, historikar og professor ved Oslo Met. Han har skrive historia til Kunnskapsdepartementet.

– Vi kan sjå det som eit forsøk å byggje bru over motsetnader som strekk seg langt tilbake i tida, seier han.

Kim Gunnar Helsvig tar i, som den historikar han er, og drar linene omlag femti år tilbake i tida:

– Vi har gått frå ei svært lærar- og profesjonsstyrt lærarutdanning på 1970- og 1980-talet til ei meir byråkratistyrt lærarutdanning frå 1990-åra og utover 2000-talet. Langt på veg har vi gått frå den eine grøfta til den andre.

Helsvig viser til at frå 70-talet var norsk lærarutdanning sterkt prega av sosialpedagogiske perspektiv. Pedagogikken var det sentrale emnet, faga var meir underordna. I 1987 hadde for eksempel ingen av dei ferdig utdanna lærarane ved norske høgskolar fordjuping i fysikk eller kjemi.

Reformar

Både Høgre og Arbeidarpartiet vart redd for at skolen ikkje ga elevane den kunnskapen næringslivet trong og som politikarane såg på som viktig.

– Så reformane under Arbeiderpartiet og Gudmund Hernes på 1990-talet og under Høgre og Kristin Clemet først 2000-talet handla i stor grad om å få politisk og byråkratisk kontroll over lærarutdanninga, seier professoren.

Utdanningsdirektoratet vart oppretta i 2004, og var med på ein meir byråkratisk mål- og resultatstyring av heile skolefeltet, også lærerutdanninga.

Streiken 2014

Kim Gunnar Helsvig meiner vi kan sjå lærarstreiken i 2014 i dette perspektivet. Streiken vart utløyst av krav frå styresmaktene om meir styring av arbeidstida til lærarane, og er blitt kalt ein streik om styring og makt i utdanningssektoren.

Brua mellom partane, som dei internasjonale forskarane nå vil byggje, den vil dei frå den eine sida byggje med å la lærarinstitusjonane få arbeide langsiktig og sjølvstendig utan detaljerte og hyppige kontrollar. Frå den andre sida byggjer dei ved å understreke at lærarutdannarane treng eit høgare, praktisk og profesjonsrettta forskingsnivå for å kunne gi kommande lærarar den kunnskapen dei treng.

– Meir pengar til lærarutdanninga kan bety mindre til resten av universitets- og høgskolesystemet. Kan det bli bråk?

– Det vil vere ulikt, trur eg. Sjølv om Oslo Met er blitt universitet, er profesjonsutdanning ein så sjølvsagt del av det vi driv med at dette vil bli oppfatta som naturleg. Men dei gamle universiteta kan godt kome til å reagere annleis, seier Kim Gunnar Helsvig.

Dårlege masteroppgåver

– Eg har vore sensor for fleire masteroppgåver i lærarutdanninga, og det er mye gråvær, sa delegat Steinar Laberg frå talarstolen på Utdanningsforbundets landsmøte sist høst. Det fekk han mye kjeft for.

– Problemet er at så mange masteroppgåver ikkje er særlig gode. Dei samlar seg i den nederste delen av karakterskalaen, utdjuper han overfor Utdanning. Sidan landsmøtet har Laberg gått av som høgskolelektor ved Høgskolen Innlandet.

– Vil framlegget frå ekspertgruppa gjere det betre?

– Om politikarane vil ha høgare kvalitet i lærarutdanning er autonomi og pengar eit betre utgangspunkt for utviklinga enn nakkegrep og Nokut, seier Steinar Laberg.

Gløymt studenten

Samtidig kallar han ambisjonane for den nye lærarutdanninga for høgspente, med krav om masteroppgåve og evne til forskartilnærming til tema og emne.

– Ekspertgruppa har tatt for seg dei fleste sidene ved lærarutdanninga, men ikkje ein. Nemleg studenten, seier han.

Den gjennomsnittlege lærarstudenten vil trenge svært mye støtte for å tileigne seg akademisk språk og refleksjonsmåte for å kunne leve opp til krava om masteroppgåve og forskartilnærming, ifølgje Laberg. Tiltaka frå ekspertgruppa går ikkje presist nok inn på dette problemet.

https://www.utdanningsnytt.no/laererjobb-laererstudiet/sp-vil-vite-hvorfor-sa-fa-soker-laererutdanning/250259

Les for lite

– Kva trur du er årsaken til dei problema du meiner studentane har?

– Ein bit av det meiner eg er at dei har lese og skrive alt for lite lange, omfattande tekster i ulike genre. Da blir det svært vanskeleg å lære seg eit akademisk språk til å skrive ei vitskapleg oppgåve. Ein stab av lærarutdannarar med høgare vitskapleg og fagleg nivå vil ikkje av seg sjølv endre dette. Vi står i fare for å produsere mastere i nederlag, seier Steinar Laberg.

https://www.utdanningsnytt.no/laererutdanning-matematikk/flere-gjennomforer-etter-at-firerkravet-i-matte-ble-innfort-pa-laererutdanningen/245571

Sentralstyret i Utdanningsforbundet skal diskutere rapporten i novembermøtet, og har ingen kommentar før det.

Vil følgje råd

Kva skjer med råda frå dei internasjonale forskarane?

Utdanning spør Stephan Hamberg, assisterande avdelingsdirektør i Nokut.

Han seier at dei konkrete råda som er retta direkte til Nokut, om evaluering og tilsyn, dei vil dei følgje.

– Det betyr at vi ikkje vil ha noen formativ evaluering før reformen har fungert i sju år, seier han.

Dei vil og følgje rådet om å ikkje ha store tilsyn i denne tida.

– Men vi kjem naturlegvis til å følgje nøye med, understrekar han.

Hamberg har inntrykk av at diskusjonen om råda alt går i utdanningsinstitusjonane.

Samstundes vil Nokut, saman med med Universitet- og høgskoleårdet, UHR arrangere eit digitalt oppfølgingsseminar våren 2020. NOKUT håper også at institusjonane saman vil organisere regionale konferansar om vegen vidare.

– Korleis Kunnskapsdepartementet vil reagere på dei råda som er retta til dei, blant anna om å redusere rammeplan og forskrifter, vil vi truleg få svar på når departementet legg fram framlegg til ny lov om universitet og høgskolar, og stortingsmeldinga om styring av all høgare utanning, seier Stephan Hamberg.

Powered by Labrador CMS