– Vi har altfor mange seniorar som gjev seg altfor tidleg. Kvifor ikkje gje denne gruppa økonomiske incentiv for å dekke lærarmangelen? skriv Roar Ulvestad. Ill: Pixabay/PublicDomainPictures

Løn som verkemiddel mot lærarmangel

Altfor mange seniorar gjev seg altfor tidleg. Kvifor ikkje gje denne gruppa økonomiske incentiv for å dekke lærarmangelen?

Publisert

 

Etter at leiaren vår kom med eit utspel om løn som ein innsatsfaktor for å styrke nyrekruttering av lærarar, vart det litt støy og kanskje misforståingar. Sentralstyret støtta utspelet i eit oppfølgjande innlegg for å understreke at dette ikkje var eit soloutspel, men mest ei påminning om eksisterande potensial i det avtaleverket vi har. Gjennom lokal regulering av løn kan ein kanskje løyse noko av krisa som ligg i lærarmangel og bruk av ufaglærte. Motiva er gode, og eg treng heller ikkje her vurdere om det er eit klokt eller uklokt utspel. Eg vel å stole på det valde fellesskapet i topp si kollektive vurdering.

 

I staden for å avvise spørsmålet eller svare på det, vil eg derimot utvide nedslagsfeltet for det. Det har kanskje å gjere med at eg har arbeidd som lærar lengre enn eg kjem til å arbeide som lærar. Eg ser slutten betre enn byrjinga for å seie det slik.

 

I tillegg til å bruke løn som incentiv for å ta til i yrket, kan ein bruke løn som incentiv for å halde fram i yrket. Vi har altfor mange seniorar som gjev seg altfor tidleg. Vitale, fagsterke og røynde klasseleiarar, som potensielt kan halde fram i mange år. Dei vil i same grad som nyutdanna dekke behov for faglært arbeidskraft. Om vi får den som vurderer å gje seg ved 63 til å halde fram til 67 eller 70, vert det mange tusen årsverk i gevinst. Kvifor ikkje gje denne gruppa økonomiske incentiv for å dekke lærarmangelen?

 

Har vi sagt A må vi seie B, og satsar vi på dei første bokstavane i alfabetet, må vi og satse på dei siste. Utan det vil rettskrivinga blir rimeleg håplaus etter kvart. Det er ikkje mykje ein får sagt med berre første halvdel av alfabetet, sopass mykje har eg forstått. Beste helsing R, som for kvar dag som går i stadig sterkare grad vert minna om behovet for ein god seniorpolitikk.

 

Powered by Labrador CMS