Kva meiner Mimi Bjerkestrand?
Hovedoppslag i fredagens nettutgave er [LENKE]".
" Buskerud mente ikke noe konkret med resolusjonen om at forhandlingansvaret må tilbake til Staten. Det var kun ment som en markering, sier de"
Snakk om å sage av den greina ein sit på. Vi trudde nesten ikkje at det var mogeleg å kome med uttaler av ein slik type i ei fagforeining.
Ni av Utdanningsforbundet sine fylkesårsmøte vedtok i vår resolusjonar med krav om at Staten igjen må overta forhandlingsansvaret. Begrunnelsen er vel kjend,og vi skal ikkje ta oppatt det her,berre minne om at vi hamna i den hengemyra som vi visste at KS ville bli for lærarane.
Framfor landsmøtet i november er det store spørsmålet kva dei nominerte leiarkandidatane meiner? Spesielt er vi interessert i kva Mimi Bjerkestrand meiner. Er forhandlingsansvaret kampsak nr.1?
Kva meiner du om følgande setning i dagens nettutgåve: " Det kan virke som om det er mer eller mindre uttalt at man ikke skal bruke ressurser på allerede tapte saker".
Fleirtalet av lærarane meiner at ein bør sette hardt mot hardt i nettopp saka om forhandlingsansvaret. Fordi alle andre gode saker avheng av den.
Her er svaret fra Bjerkestrand.