Bjerkestrand svarer: Forhandlingsansvaret for skuleverket
Forhandlingsansvaret for skuleverket er eit politisk spørsmål.
Innlegget et eit svar på kommentaren: Kva meiner Mimi Bjerkestrand?
Vedtaket om å overføre forhandlingsansvaret frå Staten til KS kan berre endrast av dei politiske styresmakter. Det kan vi sjølvsagt krevje, slik om lag halvparten av fylkesårsmøta har gjort. Vedtaka på årsmøta er klare meldingar til Utdanningsforbundet og til styremaktene, og som heilt sikkert vil kome opp i debattane på Landsmøte. Ein ny leiing for Utdanningsforbundet vert forplikta på den politikken og dei måla Landsmøte set seg for den kommande perioden.
Eg oppfattar desse krava om forhandlingsansvaret som sterke signal om misnøye med KS som motpart. Og den haldninga deler eg. Eg er på ingen måte nøgd med KS si ivaretaking av forhandlingsansvaret.
Men for meg betyr ikkje det automatisk at tilbakeføring av forhandlingsansvaret må bli ”kampsak nr 1”.
Eg vurderar situasjonen slik at det ikkje er politisk vilje til å tilbakeføre lærarane til staten. Eit stort fleirtal på Stortinget er imot det. Kva skal det bety for oss?
Eg meiner det betyr at vi ikkje vil vinne fram med eit krav om tilbakeføring til Staten. Då trur eg vi gjer klokt i å innrette krava våre annleis. Då meiner eg at vi skal rette krava direkte mot KS, at vi skal kjempe for at KS må ivareta forhandlingsansvaret på ein langt betre måte. Denne kampen kan vi stå saman i, alle vi som no er samla på KS-området. Akkurat det trur eg faktisk kan vere ein fordel.