Finland innfører påbud om munnbind i høgskolar og vidaregåande skolar.

Finland vil ha munnbind i vidaregåande skole

Koronasmitten aukar i Finland. Påbud om munnbind på høgskolar og vidaregåande skolar er eitt av tiltaka for å stoppe utviklinga.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg til vidaregåande skolar og høgskolar tilrår nå Instiitutt for helse og velferd at kommunar og helsedistrikt vedtar eit påbud om munnbind i butikkar og kjøpesentre, i idrettsanlegg, bibliotek, kyrkjer og andre religiøse møteplassar, konsertsalar, teater og museum.

Grunnen er at det i dei siste vekene har vore ei kraftig auke i koronatilfelle i Finland. Berre i dag, torsdag, er det venta 90 nye registrerte smittetilfelle. Da kjem talet på smitta per 100 000 innbyggjarar til å vere tett opp mot 15.

Det er den finske kringkastinga Yle som melder dette.

Les også: Klart for skolestart i Beijing – alle må bruke munnbind

Ikke munnbindkrav i norske skoler

Folkehelseinstituttet har ikkje anbefalt munnbind i norske skolar. Anbefalinga gjeld både elevar og tilsatte i barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole. Det same gjelde for barn og ansatte i barnehagar.

Powered by Labrador CMS