Folkehøgskule i pandemimodus

Da Sunnhordland folkehøgskule opna igjen etter korona-stengingen måtte elevane på vaskekurs og lærarane fekk jobben med alle butikkinnkjøp. Og alle klemmane? Dei er vekk.

Publisert

Det er heilt stille på skuleområdet, og vinden suser i tuntreet den fjerde dagen i det nye skuleåret, 27. august. Alle dei 102 elevane er i ei slags karantene. Ingen får forlata skulen for å handla i butikken. Dei tilsette, rektor Mona Økland inkludert, må handla og henta pakkar for elevane.

– Det er ikkje berre enkelt for oss gamlingar å finna fram til alle produkta på dei unges handlelister. Burn til dømes. Men me lærer etter kvart, seier Mona Økland og smiler lurt.

På kontoret hennar står to velfylte handleposar som snart skal leverast. Utanfor kontoret passerer ein elev med munnbind.

– Alle med vond hals og snue skal gå med munnbind, forklarer Økland.

Forkjølte elevar må halda seg på romma sine. Der får dei mat servert på døra. Dei tilsette syter for å få sjuke elevar til legevakta for korona-testing.

Økt bemanning

I Noreg er det 83 folkehøgskuler, med til saman 710 liner. I mars stengde dei dørene. No er elevar og lærarar tilbake att, med smittvernplanar, litervis med anti bac og nye rutiner.

Rektor ved Sunnhordaland folkeskule, Mona Økland, fortel at det har vore veldig travelt å planleggja for eit skuleår i koronamodus, men gleda over å få opna skulen att, overgår alt.

Skulen har auka bemanninga for å ha nok kapasitet til vask på internat og kjøkken. Det er kjøpt inn store mengder handsprit og munnbind.

Heile tida må Økland følgja med på styresmaktene sine smittevernsreglar, som er i stadig endring. Ho har òg regelmessig kontakt med kommuneoverlegen i Kvinnherad.

Fryktar masseutbrot

– Eg ser fram til dag ti og skuledagane då ein kan opna meir opp, så sant det ikkje blir oppdaga koronasmitte, seier rektoren.

Hennar største frykt er å få mange koronasjuke på skulen. Skulen sette difor i gong tiltak i god tid. Alle foreldre og elevar fekk brev, e-post og sms der dei blei oppmoda om at dei i to veker før skulestart heldt seg mest mogleg i ro, saman med sine næraste. Dei blei også råda til å køyra eigen bil til skulen viss det var mogleg. Kvar elev fekk tildelt eit eige hefte om smitteverntiltak på skulen då dei kom.

Storsamlinga i amfiet blei avlyst. Vanlegvis får foreldra vera saman med elevane heile første skuledag. I år fekk dei berre vera med inn på eleven sitt rom for å pakke ut. Etterpå fekk dei ein kopp kaffi og ein bagett i handa, før det var farvel.

Sunnhordland folkehøgskule

Kvinnherad kommune, Vestland fylke

Grunnlagt i 1914.
102 elevar går her.

Linjer: musikk, speldesign, Game Art Design, kunstlinje, skodespelarlinje og musikkproduksjon.

Mona Økland tippar at den årlege haustfesten i oktober også blir avlyst. Det viktigaste for rektor er å sikra elevane ein best mogleg skulekvardag. Folkehøgskule skal vera ei kjelde til glede, venskap og lærdom, understrekar ho.

– Det er ikkje bra å bli sitjande inne på rommet sitt med ein pc, slår ho fast.

Økland ser tilbake på månadane med nettskule i vår og kan slå fast at folkehøgskule på nett, det er for tamt.

– Så eg håpar ikkje me kjem dit igjen.

– Hald saman i ti dagar! Elevflokken er delt inn i to grupper som ikkje får ha kontakt med kvarandre før ti dagar inn i skuleåret. Dei femti som har lov til å henga i hop, skal heller ikkje vera for tett på kvarandre. Det betyr null klemming. Skulen har ikkje internatbygg til å dela gruppene etter linjer, men regelen er at berre elevar frå same linje skal dela bad.

– Ein folkehøgskule utan klemming, går det?

– Me greier jo ikkje følgja med på alt, men rådet er at elevane skal halda avstand. Men det er jo alltid nokre som blir kjærastar. Mitt råd til dei er å halda saman i minst ti dagar, seier Økland med glimt i auget.

Vanlegvis samlast alle i matsalen. Nå er det to bordsetningar til kvart måltid. Berre elevar som går på same linje, får sitja ved same bord. Alle har fast plass og sit med ein ledig stol mellom seg. Den varme lunsjen er borte. Førebels må elevane smøra seg matpakke til føremiddagsmat under frukosten.

Utanfor døra til spisesalen er det sett opp nye vaskar, og det er ikkje langt mellom handspriten i området. I normale tider er denne salen ein mykje brukt sosial arena utover ettermiddagane og kveldane.

Dei kjøkkentilsette ved folkehøgskulen er truleg dei som kjenner smitteverntiltaka aller mest.

Det er for tida uvanleg mykje luft mellom folkehøgskuleelevane. Her er Ingmar Fraser (t.v.) frå Storbritannia og Daniel Englund frå Asker.

– Ja, det er nesten dobbelt så travelt, for me må heile tida vaska og sprita mellom kvar gruppe som har vore i matsalen. Til middagen auser me opp mat til kvar elev. Vil dei ha ein ekstra porsjon, må dei finna ein rein tallerk, det nyttar ikkje å stilla seg i køen med ein brukt tallerk, forklarar kjøkkenleiar Nina Monssen.

Vaskekurs

Tre gutar frå Austlandet tek nista ute i sola. Dei tykkjer starten på skuleåret har vore kjekk til trass for restriksjonane. Nye vener har dei også fått, blant dei femti dei har lov til å vera saman med.

– Handvask har me jo drive med i månadsvis, så det kan me, slår Max Kranstad frå Oslo fast.

På kveldstid kan elevane som høyrer til same gruppe, møtast i ei løe. Skulen har også lagt til rette for fysisk aktivitet som volleyball.

Inne i matsalen er det langt mellom borda det sit elevar ved. Fire gutar får venleg, men bestemt beskjed av rektor om å leggja vekk mobiltelefonane på grunn av smittevernsreglane.

Amilde Woie kjem forbi. Ho skal ha kurs i å vaska bad. 19-åringen frå Jessheim tykkjer det er litt leit at ikkje alle får eta saman og at mykje av det sosiale er tona ned. Ho har likevel fått nye vener og gler seg til resten av året.

Folkehøgskule i koronatid betyr mykje vasking for tilsette og elevar.

– Alle lærarane har vore på kurs for å læra å vaska bad. Nå kursar me elevane som alltid har hatt ansvar for vask av eigne bad og toalett. Før tok me for gitt at dei kunne vaska, det kan me ikkje nå. Alle fellesareal blir vaska oftare enn før, både av elevar og tilsette. Kontaktpunkt som dørhandtak og lysbrytarar blir regelmessig tørka over, fortel Mona Økland.

No lever ho i håpet om at avslutninga i mai kan skje i nokolunde gamal stil, med liv og røre blant elevar og foreldre

Powered by Labrador CMS