I fjor haust vann jordanske lærarar fram med krav om lønsauke etter protestar og streikar. No har styresmaktene slått hardt ned på lærarorganisasjonen JTS.

FN fordømer knebling av lærarorganisasjon

Menneskerettskontoret i FN kritiserer styresmaktene i Jordan, som har nekta lærarorganisasjonen JTS å vere aktiv dei neste to åra.

Publisert

Det melder medieselskapet Voice of America.

25. juli gjekk jordanske tryggingsstyrkar til aksjon mot kontora til lærarorganisasjonen Jordans lærarsyndikat (JTS). Den britiske avisa The Guardian skriv at rundt 1000 lærarar er arresterte, ifølgje advokatar i landet. Leiarane i organisasjonen vert ifølgje styresmaktene etterforska for økonomiske brotsverk.

Kort tid i førevegen kritiserte Nasser Nawasreh, organisasjonen sin fungerande leiar, regjeringa for å gå bort frå ein avtale om mellom 35 og 75 prosent lønsauke for lærarar i år. Regjeringa seier at landet ikkje har råd på grunn av dei økonomiske følgjene av covid-19-pandemien. Avtalen kom i stand etter ein månad lang streik i fjor haust.

Det arabiske nyhendeselskapet al-Jazeera skriv at politisk opposisjon ofte er marginalisert i Jordan, men at det dei siste åra har vore aukande protestar mot svekka levestandard, korrupsjon og at politiske reformer går sakte.

Powered by Labrador CMS