Kampen for gode offentlege skular i USA står sentralt for Randi Weingarten, leiar for den amerikanske lærarorganisasjonen AFT. Og kroppsspråket hennar er i alle fall lett å tyde når fotografen oppmodar henne til å tenke på Donald Trump. Foto: Harald F. Wollebæk
Kampen for gode offentlege skular i USA står sentralt for Randi Weingarten, leiar for den amerikanske lærarorganisasjonen AFT. Og kroppsspråket hennar er i alle fall lett å tyde når fotografen oppmodar henne til å tenke på Donald Trump. Foto: Harald F. Wollebæk

Lærar-leiar i full konflikt med Trump-administrasjonen

Vi har ei regjering som prøver å øydeleggje alle ideala vi trur på, seier Randi Weingarten, president i USAs nest største lærarorganisasjon til Utdanning.

Publisert

Både i eit innlegg på Utdanningsforbundets representantskapsmøte i Hurdal 12. oktober og i dette intervjuet med Utdanning teiknar ho eit dystert bilde av utdanningspolitikken under president Donald Trump.

– Kva er den best tydelege endringa i skulen sidan Trump-administrasjonen tok over?

– Det har blitt meir mobbing og trakassering i skulen. Dette er eit resultat av måten Trump oppfører seg på. Han legitimerer hatefull og bøllete åtferd, seier Randi Weingarten, som er leiar for dei 1,7 millionar medlemmene i American Federation of Teachers.

Ho syner mellom anna til ei undersøking som vart utført av menneskerettsorganisasjonen Southern Poverty Law Center rett etter valet i november i fjor. 90 prosent av 10.000 spurte lærarar meiner stemninga ved skulane er blitt verre etter valet. Dei rapporterer mellom anna om meir hets, slåsting og bruk av naziflagget og sørstatsflagget.

I innlegget til representantskapet gjekk ho hardt ut mot utdanningsminister Betsy DeVos, og kalla henne den største motstandaren av offentleg skule som nokon gong har hatt denne ministerposten. Då ho den svært velståande republikanaren vart utnemnd i februar, vart ho kritisert for å vite svært lite om offentlege skular. Og ifølgje The Washington Post har både ho og presidenten gjort det klart at hovudmålet i utdanningspolitikken er å få større valfridom gjennom fleire private skular. Før ho vart minister, har Betsy DeVos omtala offentlege skular som ein «dead end», ei blindgate. Ho er kjend som ein sterk forkjempar for private skular i heimstaten Michigan.

 

 

Føderale skulekutt

Rundt 90 prosent av utgiftene til offentlege skular i USA vert finansierte av delstatane. Men ifølgje Randi Weingarten har Betsy DeVos foreslått å kutte 9 milliardar dollar frå den føderale delen av skulebudsjettet.

– Dersom dette skjer, vil det bli svært merkbart. Men vi kjempar imot. Og sjølv med ein kongress med republikansk fleirtal, trur eg ikkje dei vil kutte ut alle løyvingar til mellom anna leksehjelp og sommarskule, slik ho har føreslått.

Ifølgje Weingarten er fagrørsla også eit mål for amerikansk høgreside.

– Når Trump-liknande folk vert valde, er det første dei gjer å gå etter fagforeiningane. Det såg vi mellom anna i Wisconsin, der guvernøren Scott Walker avskaffa den kollektive forhandlingsretten, sa ho i innlegget i Hurdal.

  

Moglegheitenes stige

– Betsy DeVos har på si side skulda deg for å ta meir omsyn til systemet enn til einskilde elevar. Forstår du dei som meiner at motstand mot fleire privatskular er ei innskrenking av valfridomen?

– Eg meiner denne kritikken syner ein total mangel på forståing for korleis ein kan få til utjamning og moglegheiter for alle, ikkje berre for nokre få. Dersom du verkeleg er oppteken av å hjelpe kvart einaste barn, må du lage eit system som gjev dei høve til å klatre i moglegheitenes stige, seier Weingarten.

Ho tykkjer uansett at tidspunktet for kritikken var fornøyeleg.

– Det kom samstundes med at ein tidlegare elev av meg introduserte meg på ein konferanse, og ho fortalde om alt eg hadde hatt å seie for karrieren hennar, seier Randi Weingarten og ler.

 

 

Støttar Demokratane

American Federation of Teachers var ikkje alltid på line med demokraten Barack Obama sin administrasjon heller, blant anna om testing og private «charter schools».

– Er det ikkje ei fare for å overdrive nostalgien og saknet etter Demokratane?

– Eg er sjølv eit stolt medlem av den nasjonale komiteen til det demokratiske partiet, og på same måte som eg ikkje er samd med familien min heile tida, er eg heller ikkje alltid samd med Demokratane. Det var ting som både Obama og demokratiske guvernørar gjorde, som vi ikkje likte. Men dei hadde ei grunnfest tru på offentleg utdanning og på fagrørsla. Dei prøvde ikkje å utrydde desse to grunnleggjande faktorane for demokrati og velstand, seier Randi Weingarten.

Ho opplevde at Obama-administrasjonen lytta til AFT, særleg mot slutten av presidentperioden.

– Så eg vil heller ha nokon som faktisk har tru på dei same verdiane som oss og som vi kan ha ekte samtalar med, framfor dei som vil fjerne oss på grunn av ideala vi står for, poengterer Weingarten.

 

– Uvanleg sterk mobilisering

AFT arbeider no intenst med å påverke opinionen i USA. I suppleringsval støttar dei kandidatar som står for ei anna politisk linje enn ho som rår i Det kvite huset og Kongressen. Eit viktig mål er å vinne støtte frå dei mange frustrerte Trump-veljarane, fortel Randi Weingarten.

– Vi viser folk at vi gir motstand, samstundes som vi prøver å finne gode løysingar. Det viser seg at folk er opptekne av gode offentlege skular. Eg har aldri opplevd amerikanarane som så mobiliserte som no. No er det viktig at vi klarer organisere denne mobiliseringa på ein god måte, seier ho.

Utdanning tok kontakt med amerikanske styresmakter ved USAs ambassade i Oslo med tilbod om å kommentere saka. Dei uttalar følgjande: «Det første tillegget i USAs grunnlov vernar ytringsfridomen for amerikanske borgarar. Grunnlovstillegget garanterer retten til å uttrykke tankar og meiningar».