NTNU-rektor vil ikkje ha eige fakultet for lærarutdanning

Rektor Gunnar Bovim ved NTNU ønskjer ikkje eit eige fakultet for lærarutdanning. NTNU skal omorganisere etter samanslåing med høgskolar i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund.

I framlegget til organisering som rektor ber styret ta stilling til, er lærarutdanning lagt til eit fakultet for samfunnsvitskap, lærar- og lektorutdanning, psykologi og sosialfag. Grunnskoleutdanninga som nå ligg under Høgskolen i Sør-Trøndelag er tenkt inn under dette fakultetet. Det er Universitetsavisa.no som melder dette.

Eit slikt fakultet vil kunne innfri ønske om sterkare profilering og spissing av lærarutdanninga ved NTNU, ifølgje rektor Gunnar Bovim. Samanslåinga vil gi ein god ballanse mellom profesjonsfag og disiplinfag, meiner han.

Opprettinga av dette fakultetet er den største endringa rektor foreslår, samanlikna med dagens organisering.

I alt ønskjer rektor åtte fakultet ved universitetet etter nyorganiseringa og samanslåinga.

Førsteamanuensis Tim Torvand er vara til universitetsstyret. Han har tatt til orde for eit eige fakultet for utdanningsvitskap. Det vil bidra til at profesjonsmiljøa får vist seg betre fram og blir meir synlege, argumenterer han overfor Universitetsavisa.no

Til dette svarar dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultet Marit Reitan at det tverrfaglege alltid har vore ein styrke for NTNU, og at ein ikkje nå må organisere bort det tverrfaglege.

Styret ved NTNU skal ta stilling til saka 15.februar.

 

 

Powered by Labrador CMS