Faren for "elitens kretsløp"
Nasjonalt råd for lærarutdanning fokuserer berre på problema, ikkje på moglegheitane, meiner forfattaren av dette debattinnlegget.
Kristin Clemet har all ære av KUF sin
invitasjon til høyring om "Organisering av
lærarutdanningane". Ordna som ein del relativt konkrete
spørsmål fangar høyringsinvitasjonen opp dei fleste
overordna problemstillingane som gjeld lærarutdanning. Det er mange forhold ved lærarutdanninga
som er problematiske, og som bør belysast best mogleg når
høvet byr seg. Eitt av desse er praksis, nærmare bestemt
forholdet mellom teori og praksis i
allmennlærarutdanninga. Det har vore eit problemfelt i alle
år. Dette blir tatt slik opp i spørsmål 3 i
høyringsinvitasjonen: "Bør en større del av
grunnutdanningen av lærere være en opplæring som
skjer i en selvstendig og reell yrkessituasjon (praksisår) med
veiledning fra skoleeier og utdanningsinstitusjon?" I artikkelen "Praksisår i
lærarutdanninga" (i Norsk Skoleblad og i Norsk pedagogisk
tidsskrift nr. 6/2000) drøfta eg nokre sider ved dette
spørsmålet, og konkluderte med eit ja. I og med
høyringa om lærarutdanning har eg sett fram til ei brei
og allsidig drøfting av dette ved
lærarutdanningsinstitusjonane. Derfor er det med stor undring eg les
Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) sitt "Utkast til
uttale frå NRLU" (04.01.02). Her er det så visst inga
open holdning, men ei kategorisk avvisning, med einsidig
argumentasjon, nesten aggressiv i tonen. Første del av svaret: "Nei. NRLU har
ikkje tru på at ein slik meister-svein tankegang vil gi betre
lærarutdanning. Vi ser det som uheldig å utvikle ei
ordning der "mesteren" skal vere vegleiar, kollega, eksaminator og
kanskje arbeidsgjevar for "sveinen" som - i tillegg til å vere
kollega og novise - skal vere i ein konstant
opplæringssituasjon, der sjansen for stryk og ikkje
fullført lærarutdanning reelt er til stade i
arbeidssituasjonen." Det er fare for at ei slik fråsegn
frå eit autoritativt organ lukkar debatten om dette
spørsmålet på ein uheldig måte. Her er
det nemleg berre éi side ved problematikken som blir tatt opp;
kontroll- og kompetansedimensjonen. Og den blir feilaktig framstilt
som om utvida praksis, med studenten som lærling i ein reell
yrkessituasjon, skulle medføra heilt nye problem. Eitt av problema med lærarutdanninga er
etter mi meining nettopp at øvingslæraren altfor fort kan
koma til å solidarisera seg med sin nye "kollega",
iblant i motsetnad til høgskulen sitt fagpersonale. Likevel
har "sjansen for stryk" vore til stades. Det er ikkje noko nytt som
vil følgja med utvida praksis. Så
lærlingsituasjonens rolleproblem kunne kanskje la seg
løysa? Det burde ikkje vera prinsipielt vanskelegare ved
lærarutdanninga enn i andre utdanningar der eleven/studenten
er i lære. Sjølvsagt medfører
kompetansespørsmålet problem. Det som er betenkeleg er at
NRLU her gjer dette til det saka dreiar seg om. Saka burde då
i mykje høgare grad dreia seg om læringsdimensjonen. Det
er den dei som har engasjert seg i dette har vore opptatt av:
Korleis kan ein best få lærarstudentane til å
tileigna seg dei kunnskapane dei bør ha som lærarar? Og då er det altså somme som har
meint at det gamle ordet om at "ein lærer så lenge ein
har elevar" også kan gjelda for komande lærarar. La
lærarstudenten sjølv finna ut, gjennom sine
samfunnsfagtimar i 7. klasse, om og i kva grad samfunnskunnskapane
treng styrking. Ved sjølv å undervisa oppdagar ein
kanskje behovet for fagkunnskapar, noko urovekkande mange
lærarstudentar i seinare år ikkje har oppdaga gjennom
høgskulens meir tradisjonelle undervisning, der dei
sjølve sit som, skuletrøytte, elevar. Det er denne siste problematikken Alfred
Oftedal Telhaug ikkje synest å ta i betraktning i sin
debattartikkel i Utdanning nr. 2, der han kallar fokus på
læringa for "villfarelser". "Hvor er logikken i ønsket om
at undervisning skal erstattes av læring?" spør han.
Telhaugs presise definisjon av læring som "den psykiske
endring som skjer i eleven" er god, men den motsetnaden han
postulerer mellom læring og undervisning, håpar eg er
berre polemisk. Til den er mitt svar: Me lærer for
vår eigen del. Mon me ikkje også i høg grad
underviser for vår eigen del? Undervisning er åndselitens
kretsløp i skuleverket (godt illustrert i Knut Imerslunds
kronikk i same nummer av Utdanning), eit kretsløp som blir
ingenting anna enn ei bakevje av "kulturarv" og "nasjonale
tradisjoner" (L 97) dersom det ikkje fører til ein straum av
læring, som kan bera dei mange vidare fram. Undervisning
er overhusets sjølvbevaring, læring er eit
demokratiprosjekt. Vidare i fråsegna si seier NRLU at
lærarutdanninga skal "kvalifisere studenten til å ha eit
kritisk blikk på eigen og andres verksemd i yrkesfeltet og
sørgje for at studenten tileignar seg utviklings- og
endringskompetanse". Ei ordning med praksisår, blir det hevda,
kan "lett stå i motstrid" til dette målet. Det er
altså høgskulens personale som skal fortelja studenten
kor skolen trykkjer? Aktivitetspedagogikken, å læra ved
å gjera jobben, som i høg grad har slått gjennom i
arbeidslivet og til dels elles i skuleverket, har altså ikkje
relevans for lærarutdanninga? Slik kan NRLU (og Telhaug)
oppfattast. Det dei uttrykkjer, er nok, dessverre, representativt
for meininga til den kompakte majoritet ved
lærarutdanningsinstitusjonane. Ei reell omorganisering av
lærarstudiet, der meir av læringa, og ansvaret, blir
overført til grunnskulen, blir avvist, ikkje drøfta
seriøst. Korfor? Eg er redd for at
lærarutdanningsinstitusjonane sin holdning i dette
spørsmålet ikkje berre er pedagogisk motivert, men at
gamle laugsinteresser ligg på lur - elitens kretsløp. Det
gjeld å forsvara sitt revir, ikkje la lågare stender
overta hegemoniet. Då utdanninga av barnehagelærarar for
ein del år sidan blei integrert i
lærarutdanningsinstitusjonane, skjedde det somme stader under
til dels intens motstand frå dei siste. Det blei oppfatta som
ei degradering å undervisa for lågare skuleslag. I dag
kan det vera at for mykje samrøre med grunnskulen verkar
trugande. Det kan synast som statustap. Men med fråsegna si fokuserer Nasjonalt
råd for lærarutdanning berre på problema, kontroll
og kompetanse, ikkje på moglegheitane. Er det rart
lærarutdanninga er i vanskar?
Realiteten er at lærarstudentens øvingslærar i alle
år har vore nettopp "vegleiar, kollega og eksaminator", i
betydningen ein som vurderer dugleiken til sin kollega/studenten.
Kollegialiteten har vore reell, om ikkje formell.