Den nye læraren

Danning som nasjonalt prosjekt er over. I røynda er det ingen skilnad på Anette Young frå Big Brother og den unge lærarinna som nett har byrja på ein av skulane i nabolaget ditt.

Kven hugsar vel ikkje den gamle læraren. Han som såg det som si fordømte plikt å få elevane opp og fram. "Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar. Det var han som hadde lengste maisløyfa i jakkeslaget, og dette vart oppfatta som at han var den som stod på høgaste nivå i kunnskap og nasjonalkjensle." Det var før og inkje no.
 
Det var fredag ettermiddag. Ho sette seg inn i bilen min, den nye, unge lærarkollegaen min og utbraut: "Faen, nå orker jeg ikke mer. Jeg er villig til å gjøre hva som helst for komme med i neste runde av Big Brother." Ved sida av meg sat representanten for den nye tid, ho som ikkje lenger makta målstyring, uttynte ungar, kravstore rektorar og sytande foreldre. No ville kollegaen min opp og fram. Ho var sjølvaste framtida, ho var den nye læraren.
 
Om den nye læraren veit vi mykje. Snittkarakteren frå vidaregåande er om lag 3,5 - den same karakteren som han forlet lærarskulen med. Favorittlesnaden er Margit Sandemo og Anne Holt, om vi skal tru ei gransking frå Universitetet i Bergen. Arne Garborg og Sigbjørn Obstfelder er for nerdar og deprimerte lektorar. På TV føretrekk lærarstudenten Friends og Big Brother.
 
Fritida fyller den nye læraren - dersom ho er kvinne - med shopping - dersom han er mann - med øl, fotball og pizza. Om han eller ho vert spurd om kvifor dei valde nett lærarskulen, vil dei truleg svare: "Fordi jeg liker å jobbe med mennesker." Kva slags undervisningsmetode dei føretrekk? "Jeg har stor tro på ansvar for egen læring."
 
"Skolen og klasserommet er ikke det den en gang var: På N.N. sentralskole har 6.-klassingene begynt med fleksitid, og både de og læreren sitter gjerne på gangen...
 
Det er veldig enkelt, og artig. Vi slipper å gjøre alle leksene hjemme, sier Katrine, Adele og Sophia. Vi velger om vi vil holde på med norsk, engelsk eller matte, forklarer Katrine. Litt støy kan det riktignok bli i klasserommet når læreren sitter i utegangen, men da kan eleven sette seg ved et av bordene der ute."
 
Ja, ja, då eg var ung, seier den reaksjonære lesar, då var det dei som bråka som måtte sitte på gangen.
 
Elevane får høve til avspasering òg, men dei må sjølve passe på å få godskrive tida, for ingen annan gjer det for dei. Elevane må vise ansvar, må vite.
 
For å holde orden på "timebanken", "krysser elevene av på en timeliste når det kommer og går." Og når dei har samla opp nok tid, ja - "Da kan vi ta fri, maks en uke i strekk, sier jentene."
 
"Ansvar for eiga læring" er ikkje avgrensa til grunnskulen, det er obligatorisk på vidaregåande òg. Odd Gaare har i eit essay i Syn og Segn gjeve denne skildringa av eit prosjektarbeid om Belgia: Vi gjengjev in extenso:
 
"I gruppe A er oppgåvene fordelte, og ein av elevane kopierer frå ei bok om Brûgge; det går heile tida føre seg så mange autonome læringsprosjekt ved hjelp av ny teknologi at det vanskeleg å kome til på datarommet, derfor blei redninga biblioteket og kopimaskinen der. Brûgge er først av alt ein fotballklubb, men om han stod det lite i boka. Dårleg bok. Ein annan bruker SMS-dugleiken sin på 3310-teknologi frå Nokia, og med det er ho ute av soga.
 
Ein tredje har funne ein artikkel på Internett om blå oksar med dårlege føter. Bel Canto måtte på si side flytte til Belgia for å halde opp farten i karrieren, hugsar ei fjerde å ha sett i eit fjernsynsprogram. Gruppa legg til sist sin lit til ein oppvakt gut som ikkje berre har funne ei ledig datamaskin, men også eit Internett-kart over Belgia med tilleggsopplysningar - på flamsk.
 
Elevane bruker så åtte skuletimar på prosjektet. På grunn av den store belastninga med dette Belgia-prosjektet slepp dei friviljug heimearbeid i prosjektperioden. Prosjektet er en presentasjon i plenum tre veke seinare: Gruppa bruker ca. 25 minutt på framføringa - dei to låtane av Bel Canto tok ni minutt og 53 sekund, medan opplesinga av dei flamske tilleggsopplysningane til kartet tok uventa lang tid, og trur du ikkje han gløymde kopiarka sine heime, Brugge-eksperten. Etter liknande framlegg frå dei andre gruppene har ein heil skuleklassa lært det som lærast skal om Belgia, med tilforlateleg bruk av prosjektarbeid og ny teknologi, med framifrå omsorg for dei unge autonome. Heller dette enn vesle Marius, altså."
The future is so bright that I got to wear shades.
 

Powered by Labrador CMS