«Listhaug, du snakka nedlatande om barnehagen, barnehagelæraren, om fagarbeidaren, om barnehagebarna som er Norge si framtid»

Sylvi Listhaug, i dag gjorde du meg opprørt og forarga, ikkje trakk på meg og barnehagen igjen. Du trampa inn i profesjonen min med støvlane på. For meg er det heilt greitt at du med dine haldningar som minister må gå.

I dag trakka Norge sin justisminister på yrket mitt,
I dag trakka Sylvi Listhaug på barnet og barnebarnet ditt.

I dag trakka ho på meg som barnehagelærar, på yrkesstolheita mi,
I dag trakka ho på alle kollegane mine, ho trakka på framtida di.

Ho sa fylgjande: «Eit Facebook-innlegg som eg beklaga, har omgjort  norsk politikk til ein barnehage.»

 

Listhaug, du snakka nedlatande om barnehagen, barnehagelæraren, om fagarbeidaren, om barnehagebarna som er Norge si framtid.

Kva meinte du om barnehagen, om alle oss som set barnehagen høgt?

Snakka du om krangel, skitkasting, falsk unnskyldning, rot, mangel på respekt for andre, og å gjere andre til syndebukk for noko ein sjølv har stelt i stand?

 

Trur du at det er dette som pregar barnehagen? Ser du på oss som eit lågmål, lægst på rangstigen? Eller snakka du mest om din politikk?

Din politikk er kanskje prega av dette, Sylvi, men barnehagen har heilt andre verdiar.

Den norske barnehagen, som eg er ein del av, jobbar for demokrati,
likestilling, likeverd – uavhengig av rase, religion og politisk parti.

Barnehagen møter den enkelte med respekt, vi ser heile mennesket.
Og hugs barndommen har eigenverdi, barnet er eit heilt menneske.

 

Vi legg vekt på å  seie gode ord til andre, ekte vennskap og å løyse konfliktar med ord. 
Empati, danning, likt og ulikt, alle har stor verdi uansett kor dei bur på vår jord.

Sylvi Listhaug, i dag gjorde du meg opprørt og forarga, ikkje trakk på meg og barnehagen igjen.
Du trampa inn i profesjonen min med støvlane på,
For meg er det heilt greitt at du med dine haldningar som minister må gå.

I barnehagen er det ingen som skal skamme seg, men din uttale var skammeleg.

 

  • Bente Rauboti Haukeland er førskulelærar.

 

 

Legg gjerne inn en kommentar helt nederst på siden.

 

Powered by Labrador CMS