Høgresida sin retorikk er i dag basert på hyppig frekvens av omgrepet «tidlig innsats» og det «å lære mer». Disse omgrepa kan ein (og bør) drøfte innhaldet i på ut fra både utviklingspsykologi, pedagogikk og kunnskapsforståing, skriv Roar Ulvestad i dette innlegget.

Løfte opp og trykke ned: eit innlegg om kunnskapspolitikk og språkleg gymnastikk

Høgresida sin språkbruk i det utdanningspolitiske ordskiftet er både genial og til tider tom for innhald. Gjennom enkle språklege grep vert det samstundes halde fram ei krise og løysinga på krisa. Vi bit på, igjen og igjen.

Publisert

I eit tankevekkjande innlegg om Trump og hans veg til makta, påstår Georg Lakoff at det er noko republikanarane har skjønt som demokratane har gått glipp av. På ein stad kallar han til og med Trump «very very smart». Han påstår at det som demokratar tradisjonelt har brukt som basis for omdømmet sitt, som handlar om kunnskap, argumentrekker og demokrati, er ut som oppskrift på vegen til makta. I staden handlar det om marknadsføring og ikkje minst eit språk som appellerer til impulsar som er djupare fundamentert i den kollektive og intellektuelle psyke enn tillært kunnskap. Lakoff er sett på som grunnleggjaren av det ein kallar kognitiv lingvistikk. Ein samlevitskap som mellom anna ynskjer å utvikle kunnskap om dei førspråklege føresetnadane for språk, og gjennom dette vise korleis språkbruk kan appellere til og hente si overtydingskraft frå førspråklege strukturar.

Dette kan vi og kjenne att i vårt eige politiske ordskifte, at det er store skilnader på korleis høgre- og venstresida bygg opp retorikken sin. Som mellom anna Simon Malkenes har gjort greie for i fleire tekster, bygg høgresida opp skulepolitikken sin på å konstruere ein krisesituasjon, som dei sjølv ikkje er ein del av, men har middel og løysingar på. Han refererer i inlleget «Kommandoliberalismen» til filosof og rettsteoretikar Carl Schmitt, som «knytter etos til lederskap der det er «lederen som avgjør unntaket». Det er «lederen som avgjør om der er en krise, og det er han som avgjør hva som må gjøres for å overvinne den. Slik står han utenfor loven».

 

Kriseforteljinga skal gjere oss redde, og språkbruken tilbyr nyoppretta likevekt, gjennom å appellere til våre basale behov for tryggleik. Høgresida brukar og språklege vendingar som tidlegare har vore mest brukte på venstresida, som «likskap», og at skilnader er ein uting.

Allereie i 2009 skreiv den då noko yngre Torbjørn Røe Isaksen: «Men når det gjelder hva barnet vil lære og oppleve i barnehagen er det for store forskjeller. Tilbudet til ditt barn avhenger for mye av tilfeldigheter.» Nokre år seinare: «I dag er kvalitetsforskjellene i universitets- og høyskolesektoren for store, og regjeringen vil la kvaliteten avgjøre hvor mange høyskoler og universiteter Norge skal ha i framtida.»

Høgresida sin retorikk er i dag basert på hyppig frekvens av omgrepet «tidlig innsats» og det «å lære mer». Disse omgrepa kan ein (og bør) drøfte innhaldet i på ut fra både utviklingspsykologi, pedagogikk og kunnskapsforståing. Dion Summer fra Danmark har halde saman store mengder forsking som utfordrar omgrepet og fenomenet «tidlig innsats» og konkludert med at det er belegg for at for tidlig kognitiv intervensjon i livsløpet, faktisk kan hemme seinare kognitiv utvikling. At «Å lære mer» skal vere ein pedagogisk gullstandard føreset at kvantitet er ein garantist for kvalitet. Det veit vi andre godt at ikkje er tilfelle, utan at vi dermed treng å beleggje det med vitskapleg bevisføring.

 

Ein kan og sjå på høgresida sin språkbruk med dei verktøya som Lakoff var sentral i å utvikle, som er basert på at språk er fullt av metaforar, og språklege metaforar hentar si overtydingskraft frå førspråklege erfaringar. Dei sterkaste metaforane er dei som kan knyttast mot våre tidlegaste sanseopplevingar, og at våre erfaringar generelt ligg til grunn for språkforståinga vår. Lakoff skiljer mellom språklege metaforar, som er dei konkrete ytringane, og omgrepsmetaforar, som er ei underliggjande sanning eller ein «samanheng» som er etablert i våre kognitive strukturar. Døme på slike «sanningar» er «Opp er bra» og «ned er dårleg», som ligg til grunn for ytringar «Eg kjenner meg ganske nedstemt» eller «Opp med humøret».

Dei to omgrepsmetaforane som kan tenkast å liggje til grunn for Høgre sine honnør-omgrep kan rett og slett vere «tidlig er betre enn seint», og at «meir er betre enn lite». Det gjer «Tidlig innsats» til eit nesten uangripeleg omgrep. Det er rett og slett so metta med gode konnotasjonar at det er nesten heilt overflødig å fylle det med konkret innhald. Røynda viser at det i praksis i stor grad handlar om meir testing utan garanti for midlar til oppfølging. Det same er tilfelle med «mer læring». Det er i same grad eit sjølvberande uttrykk, der det blir snakka veldig lite om kva denne auka mengda inneber, og kva det er som definerer kvaliteten. Elise Farstad Djupedal har forska på utvikling av timetal til dei einskilde skulefaga, og dokumentert at timetalet til både norsk og matematikk har hatt den mest markante auken, medan det faglege nivået er om lage det same som før Kunnskapsløftet i 2006. Meir er dermed ingen garanti for betre.

Sjølve omgrepet «Kunnskapsløft» er og tufta på omgrepsmetaforen at «opp er bra». Høgre har skjønt overtydingskrafta i omgrepet, og høgrepolitikarane har nesten ikkje snakka om anna enn «løft» sidan dei kom til makta. Torbjørn Røe Isaksen har med bakgrunn i kriseforteljinga der PISA og skuffande realfagspoeng i førre PISA-runde spelte hovudrolla snart løfta seg spent i hel.

 

Han er i full gang med å løfte barnehage gjennom ein rammeplan der barnehagelæraren sitt profesjonelle skjønn blir sett på sidelinja. Han har «løfta» skulen gjennom kompetansekrav og førestillinga om «drømmelæreren» som kan ordne det meste. Han har «løfta» eleven på VGO gjennom «tough love» og fråværsgrense på 10 %. Han har «løfta» høgskulesystemet gjennom å fusjonere og radere vekk småfag. Han er i ferd med å «løfte» lærarane i universitet og høgskule gjennom å innføre eit system for å merittere undervisning. Han har «løfta» lærarprofesjonen gjennom å tinge ein haug med ekspertrapportar der lærarar knapt har vore representert. Han er no i ferd med å «løfte» planverket til skulen gjennom å fjerne Grunnleggande del av læreplanen, slik at vi får eit grunnlagsdokument som passar som hand i hanske til resten av planverket.

All denne løftinga er i tråd med amerikansk høgreside si innsikt i marknadsføring. Enkle slagord blir gjentekne til dei er etablert som sanningar. Kriseforteljinga blir halden ved like mellom anna ved at positive tilbakemeldingar frå PISA-undersøkingane og andre OECD-produkt vert underkommuniserte. Å halde på makta er å halde veljarane sine djupe redsler intakt, og stadig tilby gode løysingar. Ikkje ulikt anekdoten om gulrota og eselet. Løysinga er alltid innanfor synsfeltet og alltid utanfor rekkevidde.

Solskinshistoriene er få. Demokratiet er fråverande. Kunnskapstilfanget er magert. Menneskesynet er mest trist. All denne løftinga har gjort mange svært nedtrykte. 

Kan eg be om styrka bruk av vekstmetaforikk, der eg som lærar kan skape so god grobotn som mogleg for at det kan spire flotte unge menneske, som strekker seg mot lyset av eigen fri vilje? Grobotnen er samansett av breie kunnskaper og kritisk tenking, medan sollyset er demokrati, fagglede, språkglede og rom for respektfulle menneskemøter. Framtida er den himmelen og lufta borna og ungdommane våre skal vekse inn i. Humor er litt ekstra vitaminer i blomsterpotta. Saman er vi klorofyll!

 

Powered by Labrador CMS