Dei underlege skuledebattane

Jamt har eg sitte og undrast over kor underlege skuledebattane kan bli. Så ille har det vore at eg har kome i hug salig Obstfelder si undring om han var komen til feil klode.

No sist var det diskusjonen om det var bra eller dårleg for læringsmiljøet til ungane i skulen med fleire lærarar. For forskarane hadde visst ikkje funne noko prov på at elevane lærte meir med fleire lærarar! Forskingsrapportane sprika visst både hit og dit i konklusjonane om dette. I Dagsrevyen leita debattantane febrilsk etter rapportar nasjonalt og internasjonalt om dette spørsmålet for å finna ryggdekning for det dei hadde meint og drista seg til å avtala i sitt nye budsjett.

No er det ikkje mitt ærend å hengja ut korkje politikarar eller forskarar, men det er ikkje første gong eg har lagt merke til at det mest openberre kan vera vanskelega å sjå både for forskar og politikar.

Av elevane som er i skulen for å læra, trur eg knapt nokon ville seia i ein klasse på tretti elevar, at ikkje det var betre med to lærarar enn ein. For eit læringsmiljø handlar ikkje minst om å bli sett for den du er og det du treng. Tretti unge individ med ulike evner og føresetnader, det er litt av ei utfordring om du vil dei vel. – Og ei så umogeleg utfordring for ein lærar aleine, om du ønskjer å sjå dei og nå dei, at eg aldri i mi tid som lærarar kunne tenkja meg å ta på meg eit så uansvarleg ansvar på ungdomstrinnet i skulen.

I skåltalar og nyttårstalar har den eine minister etter den andre snakka om kor viktig den menneskjelege ressursen er for samfunnet vårt. Då skulle ein gjerne venta at dette speglast av i forståinga av korleis ein best kan ta seg av denne ressursen og i verdsetjing av dei som kvar dag skal ta seg av skulen sitt viktige oppdrag. Men den styrande forståing er visst blinda av det ytre dei kan finna i Pisaperspektiv: Kva ein etter internasjonale mål har fått mata inn i ein elev. Spørsmål om kva slag skule ungane våre og samfunnet vårt treng, praktisk og teoretisk, det har sanneleg vore vanskeleg å få gehør for dei siste 25 åra. Og den økonomiske ressursen som skal gå til dette, for samfunnet aller viktigaste formål, den må i vår egosentriske tid konkurrera med skattelette til dei rikaste, som visst veg meir for landet si framtid enn skule, lærar og elev.

Powered by Labrador CMS