Merete Riisager er ny utdanningsminister i Danmark. Foto: Steen Brogaard

Dansk lærarleiar har tru på den nye utdanningsministeren

Lærarane sin profesjonelle fridom kan bli styrkt med Merete Riisager som ny utdanningsminister, trur Anders Bondo i Danmarks Lærerforening.

Publisert

Måndag vart Lars Løkke Rasmussens Venstre-regjering utvida med to andre borgarlege parti; Det konservative folkeparti og Liberal Alliance. Merete Riisager (40) frå det sistnemnde partiet vart ny utdanningsminister.

 

«Fridom for skulane er naudsynt»

Ho har markert seg som ein sterk kritikar av den omfattande folkeskulereforma i 2013, som innebar store endringar i innhaldet og organiseringa av arbeidet i skulen. Mellom anna har ho kritisert regjeringa for ikkje å lytte til lærarane sine synspunkt og at reforma legg opp til for mykje detaljstyring.

– Dei siste åra har vi hatt tre reformer, utan at vi som er i skulen har vorte involverte. Vi har sett stor pris på at ho har prøvd å argumentere sakleg og etterlyst det forskingsmessige grunnlaget for kva som fungerer i praksis. Så vi ser sjølvsagt fram til å samarbeide med henne, seier Anders Bondo, leiar i Danmarks Lærerforening, til Utdanning.

– Har de von om at lærarane får større profesjonell fridom med henne som minister?

– Det er akkurat det vi håpar. Merete Riisager har fleire gonger sagt at meir fridom for skulane er naudsynt. Ho legg vekt på at elevane skal ha ein god skule, men at lærarane òg skal trivst og ha påverknad.

 

Meir å gjere, færre lærarar

Anders Bondo meiner det største problemet i dansk skule er at lærarane har fått meir å gjere, men med mindre ressursar.

– Dei siste åra har talet på lærarar gått ned med 14 prosent, medan det berre er vorte knapt 5 prosent færre elevar. I 2012 avgjorde styresmaktene at dei fleste elevane frå spesialskulane skulle inkluderast i skulen. Dette skulle vi òg løyse, sjølv om vi er vorte færre lærarar. Og folkeskulereforma innebar at alle elevar skulle få 36 prosent meir undervisning utan at det vart tilsett ekstra lærarar, seier han.

Han viser til ein forskingsrapport frå i haust, der 400 lærarar vart spurde kvifor dei slutta i skulen.

– Konklusjonen var at dei forlèt skulen fordi dei opplevde at det med dei nye rammevilkåra ikkje er mogleg å gje elevane nok tid og kvalitet i undervisninga. Dette må vi sjølvsagt få gjort noko med, seier Anders Bondo.

 

Bonus for å heve svake elevar

I den politiske plattforma den nye regjeringa presenterte, skal skular få 500 millionar danske kroner fordelt på tre år om dei klarer å heve nivået på elevar som slit fagleg. Dei ekstra pengane vil først verte utbetalt når skulane kan dokumentere at dei har lukkast.

– Vi delar målet om å hjelpe elevar som har det vanskeleg. Men måten regjeringa legg opp til, at skulane først skal prove at dei har oppnådd resultat og deretter verte løna, heng jo ikkje saman. Skulen må få tildelt pengar på førehand, slik at vi kan løfte desse elevane, seier han.

Han meiner dessutan at den nye regjeringa gir med den eine handa og tek med den andre.

– Samstundes med at regjeringa tilfører desse pengane, fjernar dei eit tilskot på 600 millionar kroner i året som fell bort. Så i røynda er det mindre ressursar til folkeskulen. Dette er òg noko vi skal snakke med regjeringa om, seier Anders Bondo.

 

Powered by Labrador CMS