Saman teiknar barna og studentane som ein del av undervisninga.

Barnehagen er studentane sitt klasserom 

I Støren barnehage får studentane praktisk undervisning, der song, leik og dans med barna vert kombinert med førelesningar.

Publisert Sist oppdatert

Golvet er dekka av ark og fargeblyantar. Døra opnar seg, og inn kjem ellve stille barnehagebarn som ser nysgjerrig rundt i rommet. 

– Berre finn dykk ein stad å sitje, seier læraren. 

Det tek ikkje lang tid før ei jente med mørkt hår hopper ut på golvet. Ho går bort til ein student, smiler og set seg ned for å teikne. Alle barna har no funne seg ein stad å sitje. Gjennom fargar, former, strekar og krusedullar skal barna få moglegheit til å fortelje studentane kva som er viktig for dei. 

Studentane som er ein del av denne samlingsbaserte utdanninga, møtest tre gonger kvart semester for å ha både teoretisk og praktisk undervisning i Støren barnehage i Midt-Gauldal kommune. Når dei ikkje er i barnehagen, har dei nettundervisning.

– Vi som bur i små bygder, får ein moglegheit til å ta vidare utdanning. I staden for å dra to timar til Trondheim kvar dag, så kan vi ha desse samlingane og ta resten digitalt, forklarar studenten Jenny Guldal.

Det er god plass, så vi får mykje praktisk undervisning.

Jenny Guldal, student

Studentane stirer mot tavla der læraren står og snakkar om dagens pensum. Klokka har passert ni, og ute er morgonmørket i ferd med å forsvinne. 

Rollespel om levering 

– På tide med rollespel, seier læraren, og studentane kviknar til. 

Ida Pape Pedersen er førsteamanuensis ved Nord universitet og er oppteken av praktisk læring. Difor tek ho denne tyrsdagsmorgonen med seg studentane ut i garderoben. 

I armane held ho ei tøydokke til bruk i undervisninga.

Studentane skal i grupper spele ut ulike scenario som kan oppstå under henting og levering i barnehagen. Første gruppe reiser seg og gjer seg klar til å vise fram si scene. 

Mette Hoel har fanget fullt.

– Hei, hei, seier studenten Ida Engan.

– Hei, du skal levere? Spør studenten Mette Hoel.

– Ja, ser du har hendene fulle, seier Ida og ser ned på Mette, som held to dokker, ei i kvar arm.

– Barna på fanget mitt græt, avbryt Mette for å forklare dei andre situasjonen.

Ho held fram, no i rolla si.

– Ja, eg er heilt åleine no. Mellomvakta kjem snart.

– Åja, men kanskje eg skal bli igjen litt og hjelpe til, avslutter Ida.

Når rollespelet er ferdig, byrjar alle å diskutere scena saman. Kva skjedde her? Kva var bra? Kva kunne ein gjort annleis? Er nokre av spørsmåla dei diskuterer høgt i pensum. 

Praktisk undervisning  

Både Jenny Guldal og Ida Engan ha allereie erfaring frå barnehageyrket, men ser på utdanninga som ei moglegheit til å lære endå meir og skape fleire karrieremoglegheiter.

Jenny Guldal og Ida Engen.

Siden Støren barnehage fungerer som studentane sitt klasserom, kan dei utvikle ferdigheitene sine på ein meir praktisk måte enn gjennom ei campusbasert utdanning. 

– Det er veldig god plass, så vi får mykje praktisk undervisning. Vi lærer forskjellige leikar og kjem tett på barna, forklarar Guldal. 

Likevel meiner Ida Pape Pedersen at det er viktig med ein balanse mellom ei desentralisert, samlingsbasert utdanning og ein tradisjonell campusmodell. 

– Vi treng begge delar. Dette tilbodet passar godt for dei som har familie og jobb, og som ikkje har moglegheit til å reise til ein større by og vere på universitetet kvar dag. Samstundes treng vi ein campusmodell, der studentar får oppleve dei lange prosessane og vere mykje på skulen, forklarar Pedersen.

Samtale med avdelingsleiar 

Mens ei ny gruppe framfører sitt rollespel, kjem ei dame inn døra. 

– Hei, vi er midt oppi litt rollespel, men du kan jo bli med, seier Pedersen. 

Ho finn fram ein stol, og dama set seg ned. Etter ein kort pause held gruppa fram med si scene. Dama som nettopp kom inn døra, er Kjersti Skjevdal, avdelingsleiar i Støren barnehage. 

Når rollespelet er over, samlar studentane seg i ein halvsirkel rundt Skjevdal. Ho fortel studentane om korleis dei jobbar i Støren barnehage. Ho snakkar om kva rutinar dei har og korleis oppstarten i barnehagen går føre seg. 

– Vi har noko som heiter tausheitsmoglegheit, seier Skjevdal til studentane 

Ho forklarar at det vil seie at foreldra i barnehagen har eit val når det gjeld kva dei formidlar til andre foreldre. Ordet skal birda til å førebyggje baksnakking om barna, ved å tydeleggjere at foreldra alltid har moglegheit til å la vere å snakke negativt om andre og spesielt om andre sine barn. 

Teikning som uttrykk for kjensler 

Etter presentasjonen er det lunsj, og snart skal barna endeleg får besøke studentane. Pedersen forklarer korleis barn kan uttrykkje kjensler, meiningar og tankar gjennom teikning. 

– Vi har laga ein teikne-workshop der barna frå barnehagen kan kome inn og bruke tekning som ei ytringsform, for å kunne seie noko om kva som er viktig for dei, seier ho. 

Spreidd rundtpå golvet sit alle barna og studentane. Saman teiknar dei figurar, blomar og andre motiv i forskjellige fargar. Samstundes snakkar, ler og tullar dei med kvarandre. I det eine hjørnet reiser ei jente seg opp og byrjar å hoppe fram og tilbake over ein av studentane som ligg på golvet. Når ho etter kvart vert sliten, slengjer ho seg rundt halsen på studenten og gir henne ein klem. 

Ein annen stad i rommet har eit av barna funne ein grøn fargeblyant og er i full gang med å teikne rundt handa til ein av studentane.

– Din tur, seier han og gir blyanten til studenten.

Studenten byrjar å teikne rundt den velse handa til guten. På det brune papirarket er det no to grøne hender, den eine betrakteleg større enn den andre. 

Under samlingane gjer dei ulike aktivitetar saman med barna, som ein del av studentane si læring. 

– Vi har óg hatt musikk med dei. Då gjekk vi ein runde i barnehagen og song. Det er det som er så unikt, at vi har moglegheit til å ta med ungane inn i klasserommet, fortel Engan. 

Studentane teiknar medan dei ventar på barna.

Treffast sjeldan

Samlinga i dag er den siste dette semesteret, noko som betyr at det er ei stund til dei møtest igjen. Både Jenny Guldal og Ida Engan forklarar at det kan vere utfordrandre at all kommunikajson mellom studentane går føre seg på sosiale medier når dei ikkje møtest til samling. 

– Det som er vanskeleg er at vi ikkje får treffe kverandre så mykje. Vi bruker Messenger mykje, så vi er avhengige av internett, seier Engan. 

Til gjengjeld har dei samlingane, der dei kan dele erfaringar og diskutere utfordringar dei har opplevd sidan sist. Guldal meiner denne samlingsbasert utdanninga gir rom for å vere med familie og ha ein fast jobb ved sida av studia.

– Dei fleste her har barn, og difor er det behageleg å ha ei fast inntekt samstundes som ein studerer. I tillegg får vi litt variasjon frå barnehagekverdagen, sidan vi møtest her. 

© Utdanningsnytt