Smått og stort fra Slottet barnehage krysser veien. De ønsker seg fartsdumper, men har ennå ikke fått det. (Foto: Thomas Tangen, Nord-Gudbrandsdal Media AS)

– Eg drit i om vegskuffa får skader

– Eg forstår at snøskuffa kan setje seg fast i fartsdumpane og få skader. Men det drit eg i, seier styrar Thomas Berg i Slottet barnehage.

Publisert

Er din barnehage eller skole plaga av farleg trafikk?

Vi vil gjerne høyre om det! Send ein epost til redaksjonen@utdanningsnytt.no eller bruk kontaktskjema her

 

 

– Dei kan kjøpe seg ny skuffe, eg kan ikkje kjøpe eit nytt liv, seier han.

 

– Bilane fresar forbi

– Kvifor skal det vere så vanskeleg å få eit opphøgd gangfelt utanfor barnehagen, når alle er samde om at det må til, spør styrar Thomas Berg i Slottet barnehage i Sel kommune i Oppland.

Han har vore styrar i barnehagen halvtanna år, og det første han tok tak i da han begynte, var problemet med trafikken utanfor barnehagen. Fylkesveg 257 går forbi Slottet, og her er det stor trafikk.

 

Slottet barnehage lgger ved Sjoa i Oppland fylke. Ill: Google mapsSlottet barnehage er ved Sjoa i Oppland fylke. Ill: Google maps

 

Dette er vegen som går over Valdresflya, så det er mye turisttrafikk. Men også lokale køyrer mye. Svært mange av dei som køyrer, køyrer fort. Dei tar ikkje omsyn til at det er 50-sone der barnehagen ligg.

– Dagleg står vi frå barnehagen, lett synlege, på line og med refleksvestar, klare ved gangfeltet for å kome over vegen. Bilane fresar forbi heilt utan omsyn, seier Berg til Utdanning.

 

Statens vegvesen stadfestar høg fart

Frå Sel lensmannskontor får Utdanning stadfesta at trafikken på vegen er kjelde til uro. Kommunen har etter det styraren oppfatta vore positiv til opphøgd gangfelt ved barnehagen.

– Men det hjelper ikkje kva vi meiner, det er Oppland Fylkeskommune som bestemmer, seier Ola Næprud, leiar for plan og teknisk i Sel kommune til Utdanning.

Thomas Berg hadde oppfatta det slik at det vart vedteke at gangfeltet skulle kome i 2016.

– Men så kjem det ikkje før tidlegast i 2017. Som eit kompromiss skal vi få eit rumlefelt. Det betyr at underlaget i vegen er slik at det rumlar når bilen køyrer over. Vona er visst at det skal skjerpe merksemda til køyraren. Men det går fint an å køyre fort over eit rumlefelt, seier Berg.

Statens vegvesen stadfestar overfor Utdanning at bilistar held for høg fart forbi barnehagen. Skiliting har ikkje hatt den effekten som ein hadde ønskt seg.

Arbeidet med rumlefeltet skal starte i august. Rumlefelt er lettare å halde ved like enn fartsdumpar. Samstundes er det betre for utrykkingskøyretøy og lastebilar. Men Vegvesenet vil følgje opp med fartskontrollar på staden. Går ikkje farten ned, vil dei vurdere å byggje fartsdumpar.

 

Er din barnehage eller skole plaga av farleg trafikk?

Vi vil gjerne høyre om det! Send ein epost til redaksjonen@utdanningsnytt.no eller bruk kontaktskjema her

 

 

Powered by Labrador CMS