Barnegråt sprengde trommehinna
Ved Aurora barnehage i Trondheim fekk pedagogisk leiar hol på trommehinna etter intens barnegråt.
No bruker Solveig Aune hørselsvern når ho føler ho må – og då særleg på hausten når barnehagane er fulle av nye barn at lydnivået kan vere høgt.
– Eg hadde ungen på arma, nokså tett inntil meg. Det var ein unge med ei sterk stemme og eg kjende plutseleg i øyret at dette ikkje var bra, seier Aune.
Ho kjende at det vart for mykje.
– Faktisk så viste det seg i ettertid at det var hol på trommehinna. Det dumme var at eg gjekk i to veker med vondt i øyret før eg kom meg til legen, fortel ho. Resultatet vart noko nedsett hørsel på det venstre øyret, seier ho tidsskriftet Arbeidervern.
Ho os assistentane bruker av og til øyreproppar i det øyret som er nærast ungene når dei bær dei.