– Slitartillegg der framme hjelper ikkje i ein arbeidskvardag der du spring maraton i parkdress kvar dag, skriv Roar Ulvestad.

Dei viktigaste seniortiltaka er før femti

Debatt: – Skal vi få fleire til å stå lenger i yrket, må vi sjå på kva vi kan gjere med sjølve innhaldet.

Publisert

Rekrutteringskrisa vi opplever i helse- og kunnskapssektoren har mange årsaker, og eg har tidlegare påpeikt at vi bør spørje ungdomen sjølv om kvifor utdanningane i desse sektorane blir valde vekk.

Medan vi hankar inn desse svara, er det andre spørsmål vi kan tenkje på, som: Korleis kan vi få flest mogleg av dei som faktisk er i yrka, til å stå lenger? Ikkje gjennom tvangen som ligg i stadig strammare pensjonsreformer, men ved å sjå på korleis vi kan gjere sjølve innhaldet i yrka slik at vi naturleg vil halde på til alderspensjonen. All honnør til den nye leiaren i Utdanningsforbundet som vil kjempe for eit slitartillegg til barnehagelærarane. Eg har trua.

Det skulle berre mangle, det er eit altfor lågt betalt yrke med altfor stort ansvar og langtidsbelastning. Det vil uansett ikkje endre på om barnehagelæraren varer heilt fram til pensjonsalderen eller ikkje. Mange barnehagelærarar vert uføre tidlegare enn dei hadde trengt, om kvardagen hadde vore mindre utmattande på både kropp og sjel. Det er uverdig for denne adelen i opplæringsløpet at uføretrygding meir eller mindre har blitt den nye AFP-ordninga. Det må på plass nytenking for denne yrkesgruppa om korleis dei kan stå lenger i yrket. Slitartillegg der framme hjelper ikkje i ein arbeidskvardag der du spring maraton i parkdress kvar dag.

Grunnskulen, som eg kjenner best, er òg for dei topptrente med jamt og godt humør. Det er ikkje rom for dårlege dagar, det er ofte ikkje rom for å gå på do, og personalrommet er av dei minst brukte romma på arbeidsplassen. Tidsnaud er normalen, og den har ikkje blitt mindre, sjølv med ein og annan «siger» frå forhandlingsromma.

Eg veit det er tabu å kritisere lærarnormen, som vi fekk beskjed om var ein formidabel siger for lærarane. Gud forby at nokon skulle kritisere det! Beklagar, kanskje den er ein siger i statistikken, det hjelper lite for norsklæraren med to klasser med 30 elevar i kvar klasse at det kjem ein ekstra lærar på skulen for å oppfylle norma. Denne sigeren gjorde at det vart lagt lokk på mange andre kampar.

Då norma vart framforhandla, var signalet frå grasrota at det einaste som ville lette læraren sin arbeidssituasjon, var å sette ei grense for gruppestorleik, men det fekk vi ikkje lov å snakke høgt om, sidan det var «urealistisk å få til». Ein annan og like gamal kamp er kampen om leseplikt. Frå og med vurderingskulturen i Kunnskapsløftet har volumet på fagarbeidet eksplodert, og vi har ein ny læreplan som er heilt utan tak når det gjeld kva vi har ansvar for. Samstundes som leseplikta er heilt statisk, låst fast i eit anna tusenår.

Klarer ein å gjere noko med gruppestorleik og leseplikt, er eg sikker på at fleire lærarar vil halde ut i yrket. Vi treng òg å ta tilbake nokre gamle omgrep. Kvifor dette tullete «livsfasetiltak», når det i røynda gjeld dei yngste og eldste? Dei unge og dei eldre har nok spesifikke utfordringar til at dei fortener sine eigne omgrep. Vi har plass i ordlista til både senior- og juniortiltak. Korleis få dei unge inn i yrket med so lite praksissjokk som mogleg, og korleis få dei eldre til å stå i yrket?

Kanskje det er for seint når dei første seniortiltaka kjem ramlande i 56-årsalderen. Om yrket er givande i 30 og 40-åra, vil det gjerne vere det når du nærmar deg seksti òg. Det beste «livsfasetiltaket» vi kan ha, er å ha eit yrke som er givande i alle livsfasar. Det er altfor mange myter om senioren, og altfor lite fokus på dei styrkane ein har etter eit langt liv i yrket.

Eg har sete på hundrevis av møter og lytta til oppspilte 35-åringar som har vore på kurs og skal dele sine nye messianske innsikter, medan dei røynde pedagogane som sit i salen, gjer gode miner til slett spel. Det er desse røynde folka som skulle vore på podiet og formidla sine erfaringar, sitt perspektiv på både fag, relasjon, utvikling og innvikling. Mine mest inspirerande kollegaer då eg tok til som lærar, var dei som var godt over seksti og framleis var oppglødde og entusiastiske på elevane sine vegner. Dei som aldri tok del i KMM (Kos Med Misnøye), var med sitt blotte døme òg eit godt juniortiltak, som fekk oss nye til å gle oss til mange år med lærargjerning.

Eg er no i undervising med gruppestorleiker under tjue, og det er eit heilt anna lærarliv enn det racet som eg kjende i 20 år i ungdomsskulen. Det er faktisk mogleg å følgje opp den einskilde no, og eg veit at om den fysiske helsa held, vil den mentale helsa og følgje med, slik at det faktisk er mogleg å kome seg til alderspensjonen utan å sjage rundt som ufør med «hovudet i fatle» i mange år først.

    So enkelt er det:

  • Har du tid til å gjere oppgåvene dine og kjenner du deg verdsett for det du gjer, er alder verkeleg berre eit tal.
  • Om du lever med kronisk tidsnaud og ikkje blir verdsett for det du gjer etter ein viss alder, ja då er det berre å søke etter «gyngestol» på Finn.no. 
  • Det er elefantane i klasserommet.

 

Powered by Labrador CMS