Utdanningssystemet si rolle for berekraftig utvikling var tema på verdskonferansen til FN-organisasjonen for utdanning og kultur, UNESCO, 17.-19. mai. På bildet: konferansieren, Sumi Somaskanda.

Vil redde verda med utdanning som verktøy

Opplæring i berekraftig utvikling skal bli ein heilt grunnleggjande del av utdanningssystemet, var lovnaden etter UNESCO-konferansen 17.–19. mai. – No må vi sjå til at dette ikkje berre blir fine ord, seier styremedlem i Utdanningsforbundet, Siri Skjæveland Lode, som deltok på konferansen.

Publisert

Verdskonferansen om utdanning for berekraftig utvikling blei arrangert med base i Berlin, men arrangert digitalt med til saman 2800 deltakarar frå store delar av verda, med representantar både frå statlege styresmakter og organisasjonar.

Siri Skjæveland Lode deltok som del av den norske UNESCO-delegasjonen, som var sett saman av Kunnskapsdepartementet og bestod av representantar for ulike aktørar innan utdanningssektoren. Ho er alt i alt godt nøgd med sluttdokumentet frå møtet, som har fått namnet Berlin-erklæringa. Denne erklæringa inneheld mål og lovnader som skal leggje føringar for arbeidet med utdanning for berekraftig utvikling dei neste ti åra.

– Sluttdokumentet er i tråd med politikken vår, og det er ikkje noko eg er direkte usamd i, seier Siri Skjæveland Lode, som deltok på konferansen frå heimekontoret på Kleppe på Jæren.

Lære unge å bli pådrivarar

I dokumentet vert det mellom anna lagt vekt på rolla som utdanningssystemet har for å gjere barn og unge i stand til sjølv å vere pådrivarar for ei utvikling som ikkje går utover toleevna til naturen. Mykje av denne opplæringa skal vere praktisk retta og knytt til elevane sin kvardag der dei bur. I eit av punkta vert det poengtert mellom anna at krafta frå utdanning for berekraftig utvikling skal brukast til å leggje til rette for vitskap, politikk som er basert på kunnskap, demokratiske prosessar og fremje motstandskraft og førebuingar til framtidige globale kriser.

Landa forpliktar seg dessutan til å bruke utdanningssystemet til å kjempe mot fattigdom.

Erklæringa nemner lærarar direkte på eitt punkt, der det heiter at lærarane har ei avgjerande rolle i å fremje utdanning for berekraftig utvikling og at det er naudsynt å styrke lærarane sine kapasitetar dersom ein skal få til ei omlegging av utdanningssystemet.

Siri Skjæveland Lode opplyser at slutterklæringa var forhandla fram på førehand av representantane for landa som deltok på konferansen. Ho nytta seg derimot av høve til å fremje synspunkt som UNESCO skal ta med seg i det vidare arbeidet.

Taust om lærarorganisasjonane

Siri Skjæveland Lode, styremedlem i Utdanningsforbundet.

Ein av innvendingane hennar er at dokumentet ikkje omhandlar lærarorganisasjonane si rolle.

– Lærarprofesjonen er nøkkelen til å få til utdanning for berekraftig utvikling, og då må vi bli involverte. Det kom ikkje tydeleg nok fram, seier ho.

– Kva trur du det er eit uttrykk for?

– Mange land har ikkje erfaring med partssamarbeid, medan det er ein naturleg del av den norske modellen. Styresmaktene i mange land er lite medvitne om dette. Og det er synd, for her er det eit stort uutnytta potensial. Den internasjonale paraplyorganisasjonen Education International har medlemsorganisasjonar i nesten alle land, som det ville vore naturleg for styresmaktene å samarbeide med, seier Siri Skjæveland Lode.

Ho la òg vekt på at utdanninga må sikrast god statleg finansiering.

– Mange av ministrane som heldt innlegg, ser ikkje på dette som eit offentleg ansvar. Ein ting er å snakke fint om kva ein vil gjere med betre utdanning, men dersom ikkje pengane er der, stoppar det opp. Dette kunne ha vore poengtert sterkare i erklæringa, tykkjer ho.

I tillegg tok ho opp at sluttdokumentet kunne ha lagt meir vekt på at lærarar må få tilbod om meir kompetanse for å kunne bidra til berekraftig utvikling.

– Ei nyttig erklæring å kjenne til

– Er det noko av det som kom fram på konferansen som du tenkjer er særleg nyttig for norske lærarar i skular og barnehagar?

– Det hadde vore fint om alle kjente til innhaldet i Berlin-erklæringa. Der er punkt som er relevante for kvardagen med tanke på korleis skular og barnehagar kan arbeide med berekraftig utvikling. Mykje i erklæringa går rett inn i vårt profesjonsmandat, som til dømes å gje elevane erfaring med etisk og kritisk refleksjon. Så dersom Berlin-erklæringa blir eit kjent omgrep, så same måte som Paris-avtalen om klimagassutslipp, er vi komne langt.

Frå fagre ord til røyndomen

Siri Skjæveland Lode er oppteken av at orda frå konferansen vert følgt opp i praksis. Ho legg ikkje skjul på at det er mange skjær i sjøen, mellom anna dilemmaet mellom naturvern og økonomisk utvikling. Og at korrupsjon og haltande skattesystem òg er faktorar som står i vegen for oppfylling av lovnadene.

– 25. mai møtest dei europeiske delegasjonane for å diskutere vegen vidare. Vi samarbeider med Unio om berekraftsarbeid, og vi kjem dessutan til å arbeide vidare med erklæringa i vår eigen organisasjon, seier ho.

– Berlin-erklæringa skal vere eit retningsgivande dokument for berekraftig utdanning for dei kommande 10 åra. I kor stor grad trur du innhaldet blir gjennomført innan den tida?

– Det er vanskeleg å vite, men eg vel å vere optimist. Dersom ein misser håpet, går det gale. Eg vonar det er ein transformasjon på gang, at det er ei bølgje, noko som skjer. Greta Thunberg starta noko, og det er mykje i kjølvatnet her.

Powered by Labrador CMS