Den norrøne diktinga er verkeleg stor og flott kunst, men for ein bokmålsskrivar frå Syria vert det tung kost med islendingesoger på arkaisk nynorsk, skriv Steinar I. Bergo. Skjermdump frå Nynorskordboka på nett (ordbok.uio.no)

Norskopplæring for asylsøkjarar

Debatt: – Norsk kan sjølvsagt ikkje lærast utan tekstar, men tekstane må vera aktuelle både i innhald og språk, skriv Steinar I. Bergo.

Publisert Sist oppdatert

Som norskfilolog i grunnskule, vidaregåande skule og med såkalla «asylnorsk», har eg gjort meg nokre tankar om pensum og undervisning for innvandrarar. I «nynorsklandet» Ulvik var det bestemt at ein skulle læra dei å skriva nynorsk, sjølv om erfaringa hadde synt at bokmål fell lettare. Dei måtte difor takla dialekt, bokmål og nynorsk. Såleis møtte dei ofte tre ord med same tydinga. Eg kan berre hugsa ein person som snakka nynorsk. Han heitte Herbjørn Sørebø og er dessverre død for mange år sidan!

Eg og ein kollega hadde ein gong frivillig norskundervisning for over hundre asylsøkjarar som var innkvarterte på Ulvik hotell. Me lærde dei bokmål! Det me øvde på i Ulvik, var dialogar om å ta bussen, gå på kafé og handel, gå til lækjar m.m. I tillegg lærde me dei ord om hus, rom, klede, mat, barnehage og skule. Alle saman vart seinare flytta til gamle Bergen lærarskule på Landås og hamna i eit bokmålsområde.

Den norrøne diktinga er verkeleg stor og flott kunst, men for ein bokmålsskrivar frå Syria vert dette tung kost på arkaisk nynorsk.

Steinar I. Bergo

Dei som byrja med nynorsk i Ulvik og no går vidare på studieførebuande kurs, vel stort sett bokmål! Eg hjelper litt til med lekser og har gjort meg nokre tankar om didaktikk og pedagogikk. «Tilpassa opplæring» er eit honnøromgrep frå grunnskulen som aldri har vorte oppfylt. Vidaregåande skule har vel ikkje med dette i teorien ein gong. Pensumet ser ut til å vera nokså rigid og likt for alle. Ein kveld jobba me oss gjennom Gísla saga Súrssonar (Gisle Surssons saga). Den norrøne diktinga er verkeleg stor og flott kunst, men for ein bokmålsskrivar frå Syria vert dette tung kost på arkaisk nynorsk. Vikingtid, anna norrøn dikting og renessansen vert nokså «far-fetched» for folk med ein heilt annan kulturbakgrunn. Dikting og kunst frå gamle Hellas og Italia (antikken) vert fjernt for ein muslim. Dei har med seg sin kultur som er verdfull for dei; og spørsmålet er om dei skal verta norske på alle vis? Mangfald og likeverd, ikkje slik som nordmenn/europearar tidlegare tvinga sin kultur på mykje av verda. I tillegg er det mange nordmenn som veit lite om ovannemnde tema, men dei klarer seg veldig godt for det!

Å få med seg litt om historie og kultur er sjølvsagt verdifullt for alle, men for innvandrarar som siktar mot språkleg kompetanse god nok til å kunna studera, vert annan kunnskap eit slags trinn to. Dei må gå frå det nære (språkverktøyet) til kunnskapsinnhenting. Språket kan sjølvsagt ikkje lærast utan tekstar, men tekstane må vera aktuelle både i innhald og språk. Her må ein tenkja didaktisk annleis.

At foreldra lærer bokmål og borna lærer nynorsk, er uproblematisk. Borna lærer i lag med venner og venninner, og nynorsk vert naturleg. I våre dagar med så mykje migrasjon er det svært vanleg at foreldra held på språket sitt, medan borna skifter. Det har med borna si inkludering, sosialisering og tilpassing å gjera.

Me som kjempar for nynorsken, bør heller enn å tvinga asylsøkjarane til å skriva nynorsk, passa på at lokal administrasjon og offentlege personar i nynorskområdet skriv ein rett nynorsk. Klarer dei ikkje det sjølve, er det svært enkelt med eit språkvask i desse datatider! Ein nynorsk vidaregåande skule la på heimesida si ut fylgjande: «Plan for foreldremøter». Eg påpeika dette. Overskrifta vart snøgt retta til Plan for foreldremøte, men eg fekk inga takk!

Powered by Labrador CMS