Sverige: Ni av ti grunnskulelærarar opplever høg arbeidsbelastning

Mange lærarar risikerer helsa, meiner det svenske Lärarförbundet.

Kvar sjette lærar meiner arbeidsbelastinga er veldig høg, skriv fagbladet Lärarnas tidning. Ifølgje Lärarförbundet aukar dette faren både for helseskadar og for at lærarar skal slutte i yrket.

– Det er eit svært alvorleg signal til politikarar som tek avgjerder og leiarane i skulen, seier Johanna Jaara Åstrand, leiar i Lärarförbundet, som har gjort undersøkinga.

Tilpassa undervisning for elevar som treng særskilt støtte vert nemnt oftast av lærarane når dei vert bedne om å vurdere kva som har ført til auka arbeidspress det siste året.

– Lærarar treng avlasting frå andre yrkesgrupper, som spesialpedagogar, helsearbeidarar, sosialpedagogar og andre, seier Åstrand.

 

Powered by Labrador CMS