Professor Elisabeth Bjørnstad.

Skal leie evalueringa av seksårsreformen:
– Vi må sjå på kva som skjer i klasseromma

Professor Elisabeth Bjørnestad skal leie arbeidet med å evaluere skolestart for seksåringar. Ei utfordring blir å forstå kva som var vitsen.

Publisert

– Dei er 29 år i år, dei første som var skolepliktige som seksåringar og møtte til skolestart i 1997. Er det på tide at seksårsreforma nå blir evaluert?

– Det er meir enn på tide. Reforma er følgt opp med ein studie frå nettopp 1997 og ulike andre einskildstudiar. Men vi har ingen større systematisk studie og veit eigentleg svært lite om kva som skjer i skoledagen til dei minste. Til gjengjeld høyrer vi mykje. Mange er fortvilte og fortel om små barn under stort press.

Les også: KrFs programkomité vil endre dagens førsteklasse til førskoleklasse

– Da seksåringane kom inn i skolen, var det to pedagogar på 18 barn. Skoledagen skulle romme det beste frå både skole og barnehage. Nå er det éin pedagog på så mange barn som klasserommet kan romme, og barna brukar stadig meir tid ved pulten. "Vi har svikta dei yngste", sa ein delegat under landsmøtet i Utdanningsforbundet i fjor. Er det slik?

Elisabeth Bjørnestad (50)

Kven

Professor ved barnehagelærar- utdanninga ved universitetet Oslo Met.

Aktuell

Skal leie forskingsprosjektet om evalueringa av seksårsreforma. Prosjektet kjem etter eit stortingsvedtak frå 2018 og skal vare fram til 2023.

– Ambisjonane om at førsteklasse skulle vere det beste frå skolen og det beste frå barnehagen, forsvann med skolereforma «Kunnskapsløftet» i 2006. Så kom det nye lovendringar i 2018. Men det spennande, som vi må undersøke, er korleis skoleeigarane har tilpassa seg endringane. Det veit vi lite om.

– Du har sagt at ei viktig oppgåve for utvalet er å sjå på kva for plass leiken har i første klasse. Men er barn, pedagogar og politikarar einige om kva leik er?

– Nei. Det er stor usemje. Vi bør ha klart for oss at det er stor skilnad på den frie leiken, den rettleidde leiken og tilrettelagde aktivitetar. Barn lærer alltid noko av den frie leiken. Dei øver og gjer viktige erfaringar, både motorisk og intellektuelt. Kva dei lærer når vaksne legg til rette for leik med målretta læringsutbytte, er meir uvisst, og ulikt frå barn til barn. Sjølv om leik og læring ofte stør kvarandre, kan dei også vere motsetnader.

Les også: I iveren etter å skape en god skole er det viktig å stoppe opp og spørre hva som er best for barna

– Er det risiko for at mang ein utdanningspolitikar ikkje vart så glad for det siste du sa der? Fleire av dei argumenterer som om små barn kan lære det meste av konkret kunnskap gjennom tilrettelagt leik.

– Det kan godt vere det blir diskusjon. Men vår oppgåve er å sjå på kva som skjer i klasseromma. Vi må lytte, lære og forstå.

Det er stor skilnad på den frie leiken, den rettleidde leiken og tilrettelagde aktivitetar.

– Korleis vil de sikre barneperspektivet i arbeidet?

– Vi har alt eit panel med femåringar som vi skal intervjue om forventningar og opplevingar, først medan dei er i barnehagen og så igjen i første klasse og andre klasse.

– Oppdraget er å sjå om intensjonane med reforma er innfridd. Men kva var intensjonane? Å gjere nittenåringane glupare? Eller å frigjere barnehageplassar til fleire yngre barn?

– Reforma vart diskutert intenst. Likevel er det vanskeleg å sjå kva som var målet. Ein del av arbeidet blir å gå inn i gamle politiske dokument for å finne ut meir om det.

– Di eiga doktoravhandling frå 2008 var om aktivitetar i klasseromma for seksåringane. Såg du ting der som du er særleg spent på å sjå utviklinga av?

– Den mest formelle læringa den gongen likna på samlingsstund i barnehagen, med mykje samtale og refleksjon. Det fysiske rommet likna og meir på barnehagen, der barna kan bruke golvet og røre på seg i undervisninga. Nå er inntrykket at det er blitt meir av at læraren gir ungane kontrollspørsmål om slik kunnskap som læraren veit frå før. Men eg er spent på om vi vil få ei endring tilbake, og om barnehagetradisjonane blir meir aktuelle igjen. Det vil i så fall vere i tråd med krava i dei nye læreplanane om djupnelæring og refleksjon.

Les også: Luka (7) går første klasse om igjen

Powered by Labrador CMS