Sorterer spesialpedagogikken

Kva ligg i profesjonen spesialpedagogikk? Berit Groven søkjer å gje eit svar på dette, og ho ryddar samstundes i haldningar til spesialpedagogen.

Spesialpedagogen i endringstider
Av Berit Groven
Universitetsforlaget 2013
208 sider

Boka byggjer på Groven si doktoravhandling «Det doble blikk – spesialpedagogen i endringstider» frå 2007. Doktoravhandlinga er basert på intervju med åtte ulike spesialpedagogar. Teoribakgrunnen til spesialpedagogikken kjem frå mange ulike fagfelt, og det har nok vore mangel på tru på eige fagfelt innimellom. Respekten for spesialpedagogikk som eige fagområde har vakse fram samstundes med at faget vart forskingsområde frå 1960-talet. Det kjem òg fram at det er eit fagfelt som framleis slit med å finne ein godt basert ståstad som sjølvstendig fagområde. Groven si bok er med på å rydde litt i haldningar til spesialpedagogen – den tradisjonelle spesialpedagogen som skulle ha elevane ut av klassen for å jobbe individuelt vert omtala som slik det ikkje skal vere. Boka set eit viktig tema på dagsordenen – kva ligg i profesjonen spesialpedagogikk, når det gjeld utdanning og arbeidsoppgåver. Det er her eg meiner boka har sin viktigaste misjon, i å trekkje fram eit fagfelt som er svært viktig i kvardagen til mange menneske.

Innhaldet vekslar mellom overordna føringar, som tilpassa opplæring, likeverd og inkludering. Desse omgrepa vert grundig gjennomgått med bakgrunn i rammeplan og lovverk, saman med meir elevnære omgrep som segregering og stigmatisering. Groven er veldig praksisnær – ho gir detaljerte forslag til kva som er viktig i samtale med det enkelte born.

Bruk av diagnosar og ei haldning om at vanskane er individrelaterte har ei sterk forankring i  spesialpedagogikk. Dette er kanskje ikkje så rart når ein veit at faget er oppstått som støtte for menneske med funksjonsnedsetjing eller lærehemming. Her vert normalitet og avvik debattert ut frå mellom anna statistikk, eigenskapar og Gauss-kurva. Groven meiner at vurderingar her vert styrte av haldningar og skjønn, og dette representerer eit spesialpedagogisk dilemma. Ein skal sjå ressursar og utviklingspotensial, samstundes som arbeidet vert fokusert mot det som er vanskeleg.

At born som får spesialpedagogiske tiltak ikkje kjenner til årsaka til tiltaka, vart påvist i ei kartlegging frå 1991 (Kvernmo 1991). Kanskje det er misforstått snillisme der ein freistar å skjerme eleven? Groven viser til at frå 9-årsalderen byrjar elevane å erkjenne eigen funksjonsnedsetjing og lage seg eigne forklaringar, om ikkje vaksne hjelper dei med innsikt. Her trekkjer Groven inn foreldra si rolle i det å gi borna innsikt og meiner at spesialpedagogen si rolle er å støtte foreldra i denne prosessen.

Boka viser til at det er ein kraftig auke i bruk av assistentar som er ansvarlege for å gjennomføre dei spesialpedagogiske tiltaka. Mange assistentar er flinke og har gode personlege eigenskapar, men dei manglar ofte den faglege og profesjonelle kompetansen som er naudsynt for kvaliteten på tiltaka. Dette er nok med på å gje faget status som «noko alle kan gjere».

Gjennom bruk av personar vert stoffet meir knytt til ein praktisk kvardag. Faren med dette er at det kan verke reduksjonistisk, og breidda i tema forsvinn. Samstundes gir det forfattarane høve til å la personane setje ting på spissen og opne for drøfting, til dømes kommentaren om at alle lærarar burde ha meir spesialpedagogikk, eller det å omtale seg som eleven sin advokat. Boka er pedagogisk tilrettelagt. Kvart kapittel vert avslutta med spørsmål til drøfting og forslag til vidare lesing for den som ynskjer å fordjupe seg i temaet.

Omgrepa spesialpedagogikk og spesialpedagogar vert nytta om eit stort arbeidsfelt. Faggruppa har grunnlag i mykje praktisk kunnskap, og er i eit virkefelt der det kan vere vanskeleg å skilje mellom pedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse. Men som Groven viser til, er det ein profesjon med svak jurisdiksjon – det vil seie at spesialpedagogiske oppgåver kan utførast, og vert utførte, av andre enn dei med formell utdanning i spesialpedagogikk. Det er heller ikkje ein beskytta tittel, og det er ikkje eit sett kriterium for kven som kan bruke tittelen. Burde Utdanningsforbundet komme med gjennomarbeidde tilrådingar til krav for å bruke tittelen spesialpedagog? Psykiatrien har bygd opp ei utdanning som høver til arbeidsoppgåvene der, og gir tittelen klinisk pedagog. Det bør vere mogeleg med ei tydeleggjering av profesjonen spesialpedagogikk utan å gå i detalj på arbeidsoppgåver. Kanskje neste bok om spesialpedagogikk drøftar spesifikt profesjonen.

Powered by Labrador CMS