Massiv informasjonsmengd om læring

I innleiinga skriv John Hattie at han har brukt 15 år på å skrive denne boka. Det ber ho preg av i både volum og innhald.

Synlig læring
Av John Hattie
Cappelen Damm Akademisk 2013
553 sider

Thomas Nordahl skriv i forordet at eit så omfattande forskingsarbeid fortener å verte lest – ikkje av omsyn til volumet, men fordi boka medverkar til at skule og lærarar vil lukkast betre i å gje born og unge ei kvalitativt god undervising. Den norske omsetjaren Ingvill Christina Goveia har klart halde språket enkelt og lettlese, trass det forskingstunge innhaldet.
Pedagogikkprofessor John Hattie frå New Zealand har gått gjennom 800 rapportar som skildrar kvantitative studiar gjort i skulen. Det vert understreka at dette ikkje er eit krosstog mot kvalitative studiar. Kvalitative studiar som munnar ut i statistiske resultat gjer at desse kan samanliknast med kvarandre og gir grunnlag for å evidensbasere den praksisen som er i skulen. Som forventa er ikkje noko av forskinga gjennomført i norsk skule, vi er eit lite land i ei stor verd, og vi lyt lære av det ein finn andre stader.

Boka er delt inn i fleire hovudområde for kva som bidreg til læring – eleven sitt bidrag frå førskulealder og inn i vidaregåande, skulen sitt bidrag, undervisninga sitt bidrag, og læreplanen sitt bidrag. Heimen sitt bidrag er òg trekt inn, men som John Hattie understrekar, det er eit viktig område, men det er ikkje den vinklinga han har valt å bruke. Forskingsbidraga er delt inn slik at det er lettare å halde tråden under lesing av boka. Det kan trengast, for det er ei informasjonsmetta bok. Innanfor kvart område er det hyppig med små overskrifter og utdjuping av tema.
Forsking rundt eleven er innom motivasjon, sjølvoppfatning, angst, haldningar til skulefag, fødselsvekt, sjukdom og ernæring, og det er berre for å nemne noko. Det er heller ikkje berre tung forsking som gjev bakgrunn for teksten. Hattie viser at han kjenner til meir lettbeinte omdøme som menn er frå Mars, kvinner er frå Venus, og nyttar det til å forklare om kjønnsulikskap. Eller kanskje slå i hel nokre mytar om ulike prestasjonsområde basert på kjønn. På verbale dugleikar er det lite skilnad mellom kjønna, heller ikkje matematikkprestasjonar ser ut til å vere så ulike mellom jenter og gutar. Så Hattie snur litt på dette og spør kvifor vi er så opphengt i desse kjønnsulikskapane som det ikkje finnast grunnlag for når ein forskar på det. Det er større ulikskap innanfor dei homogene gruppene enn mellom dei ulike gruppene.


Det er i grunnen ei bok som femner om mangt. At område som språk og matematikk vert tatt med, er sjølvsagt, så også sosial kompetanse og audiovisuelle metodar. Mindre forventa er det når Hattie trekkjer inn forsking om villmarksprogram og læring på høgskular; då set han to strek under si eiga fordjuping. Og denne lesaren sit att med informasjon om område som ein knapt tenker på, og slett ikkje hadde forventa å finne i ei bok om pedagogisk forsking.
Kvart område er avslutta med ei oppsummering, konkluderande kommentar, som minner om hovudpunkta i det området teksten har gått gjennom. Det å sette inn termometer er ein visuell måte der lesaren får lett tilgjengeleg info om kva som kom fram i studiane. Les ein i tillegg teksten som følgjer termometeret, er ein godt oppdatert på dette vesle området. Boka kan gjerne lesast slik, der ein tar for seg eit område om gangen, og ventar litt før ein treng oppdatering på neste område. For langt dei fleste er dette ei bok som bør lesast over tid. Informasjonsmengda er stor, og den dekkjer så mange tema innafor undervisning og skule at det trengst bearbeidingstid for å klare å få med seg den informasjonen som er her.

Hattie meiner at for lærarar har undervisning vore, og framleis er, ei privatsak. Undervisninga skjer bak lukka dører i klasserommet. Men er ikkje dette ei forelda utsegn no då svært mykje vert drøfta i team, og fleire lærarar er saman i klasserommet? I tillegg er skulen etter kvart blitt ein arena der ulike profesjonar samarbeider på tvers av faggrenser. For ikkje å gløyme at elevar og foreldre er del av dette fellesskapet.

 

Powered by Labrador CMS