Lita bok om stort ord

Spilddi bivlii
Av Sverre Porsanger (red.)
67 sider
Deanu giellagárddi/Tana samiske språksenter

25. mars spela Tromsø IL og Fredrikstad Fotballklubb på Alfheim stadion. I fyrste omgang kom det store mengder slahtti, sludd. Men når TIL spelar sin neste heimekamp i april er det ikkje utenkjeleg at det kjem vahca, slik nysnø som hører våren til.

Ordet snø har mange variantar på samisk. Substantivet er muohta, og verbet heiter muohttit. Samane som naturfolk måtte utvikla ein slik språkrikdom for å klara seg.

Det kom nyleg eit hefte med samiske snø- og vinterord i utval, Spilddi bivlii, redigert av Sverre Porsanger. Her finn vi berre eit utdrag frå snøterminologien, men orda viser oss presisisjonen i samisk ordheim som her spesielt har med snø å gjera, generelt også med natur. Tittelen på den vesle boka tyder «frå fyrste frost til barmark». Her er nokre døme: áhtán: is på saltvatn, áidnet: fint og lett snøfall, baldu: isflak som flyt av garde, coakci: føre som gjer at ein får fotfeste, dobádat: klabbeføre, duollu: tele, joavgat: store mengder snø samla opp av vind i snøvér, norahat: skruis; isflak som vatnet har samla.

Fenomenet snø har både ført med seg glede og ulukke. Då fem fjellturistar i mars omkom i Kåfjord i Troms, skjedde det i Sorbmegaissa. Dei køyrde ut fra «ein morderisk» (sorbme) «fjelltopp over vidde» (nordsamisk gáisi) Hadde dei kjent til desse farlege snøtilhøva, hadde dei kanskje redda livet.

Powered by Labrador CMS