I skulen sin teneste

«Vandring mot varden» er ei interessant bok om ein engasjert skulemann.

Vandring mot varden
av Svein Helgesen
Forlaget Horisont

I samband med 80-årsdagen til Sigmund Sunnanå, som mellom anna har vore leiar i Lærarutdanningsrådet, rektor på lærarskulen i Stavanger og utdanningsdirektør i Rogaland, har Svein Helgesen skrive boka «Vandring mot varden». Det er blitt ei spennande vandring.

Boka pendlar mellom forteljar- og samtaleforma. Mange har gitt innspel til boka – tidlegare kollegaer, samarbeidspartar, familie, vener, og ikkje minst Sigmund sjølv har medverka. Slik får vi eit innblikk i dei ulike fasane i livet hans, og slik veks biletet av privatpersonen og skulemannen fram.

Særleg interessant er ferda gjennom det skulepolitiske landskapet. Det var år med rivande samfunnsutvikling. Skulepolitisk var det ei brytningstid. Nye læreplanar vart produserte på løpande band, ungdomsskulen såg dagens lys, først med, så utan nivådeling, og folkeskulen vart til grunnskule. Lærarutdanninga måtte halde tritt med utviklinga i skulen. Sigmund Sunnanå vart medlem i Lærarutdanningsrådet i 1966. Rådet var stilt overfor mange problemstillingar, både når det gjaldt innhald og struktur i utdanninga. I nær 15 år var Sunnanå sentral i dette arbeidet, fem av dei som leiar, parallelt med at han tok fatt på rektorgjerninga på Stavanger Lærarskole.

Gjennom dei 14 åra han var rektor på lærarskulen, sette han tydelege spor etter seg – med sterk satsing på utviklingsarbeid, forsking og etter- og vidareutdanning. Senter for atferdsforsking og Senter for leseforsking vart danna under hans tid. Desse utvikla seg til to viktige og ikkje minst praksisnære kompetansesenter. Koblinga mellom teori og praksis har vore ein av dei fremste kjepphestane til Sunnanå gjennom heile yrkeskarrieren.

I 1989, ved inngangen til det mest forrykande reformtiåret norsk skule har sett tok Sunnanå fatt på oppgåva som skoledirektør (seinare utdanningsdirektør) i Rogaland, der han vart til han gjekk av ved aldersgrensa ved fylte 70 år.

Det var ikkje bare nye læreplanar som skulle sjå dagens lys desse åra, det var også omfattande, radikale strukturendringar på gang, mellom anna seksårsreformen, innføring av retten til vidaregåande skule for alle og ikkje minst styringsstrukturen. New Public Management (NPM) kom til å slå inn over det skulepolitiske landskapet i tida som følgde. Kontroll avløyste gradvis den utstrakte tilliten som hadde vore norsk skule til del. Eit anna menneske- og verdisyn tok over og låg til grunn for endringane.

Det er fasinerande å sjå korleis Sunnanå manøvrerte i dette farvatnet. Framleis hadde utdanningskontoret ei rolle som utviklingspart i skulen. Lojalt følgde han pålegg, forskrifter, lovar – samstundes som han vart ein overmåte viktig pådrivar for skuleutviklingsarbeidet i heile fylket. Han skapte mange og viktige møteplassar. Han oppretta nettverk mellom skulefolk i sør- og nord fylket, inviterte breitt til møte og samarbeidsforum, fekk i stand studieturar til inn- og utland. Og ting skjedde. 1990-talet vart det dynamiske skuletiåret i Rogaland. For å sitere Olav Duun: «Nye ting lyt få skje dei òg.» Utviklinga bråstoppa sjølvsagt, så snart New Public Management fekk rå grunnen ei tid. Utviklingsoptimismen vart erstatta av ulike – og statiske – læringsprogram, tilsyn og avviksmeldingar. Men da hadde Sigmund Sunnanå takka for seg etter nådd aldersgrense.

Det er spennande å sjå strategiane Sunnanå nytta i dei åra han var statens øvste leiar i Rogalandskulen. Han er jordnær, ettertenksam og handlekraftig, nytenkande og samstundes pragmatisk og løysingsorientert – mild i form, men sterk i sak. Det er elevens og skulen sitt beste han støtt har hatt i tankane. Noko bør endrast i skulen, mens anna skal stå fast som fjell. Samstundes er han overtydd om at det alltid vil vere læraren som utgjer sjølve forskjellen – ein lærar som er fagleg sterk og som ser og er engasjert i elevane sine som menneske i vekst og utvikling.

«Vandring mot varden» er ei gild bok å lese. I tillegg til Sunnanå sitt skulevirke gjennom mange tiår fortel boka mykje meir. Ho fortel om oppvekst i åra før og under krigen, om ein god heim og om ein lærarfar som var engasjert i det meste som føregjekk. Vi vert kjend med vakre Mosterøy, der himmelen er høg og havet vidt. Her vart grunnlaget lagt for verdiar og livssyn som skulle prege han og virket hans i alle år.

Boka tar oss også med på dei tunge stundene som livet byd på. Det tyngste saknet er nok etter kona Turid som døydde for nokre år sidan. «Kan eg nytte den tida eg no har att til å gjere noko godt og vere til glede for andre, er det ein ekstra bonus», er blitt eit livsmotto for han. Så er det da også nettopp omtanken hans for andre dei næraste framhevar når dei skal beskrive han.

Det gjer inntrykk å lese boka om Sigmund Sunnanå – ein vert litt audmjuk. Han er ikkje nokon høglytt mann, ingen agitator, helst lågmælt, går ikkje høgt på banen. Likevel veit vi kva han står for og kva han meiner. Det sosialetiske engasjementet hans er sterkt, og solidaritet ein sentral grunnverdi. Difor sluttar eg meg til forfattaren si formulering: «Det er dette som gjer sterkast inntrykk - det levde livet - den han er og det han gjer.»

Powered by Labrador CMS