Artist mellom stormar

Ei bok om læraren og atisten som erobra verda, fortener merksemd. Mari Boine har kome langt, men ikkje utan kostnad.

Mari Boine.
Fly med meg!
Av Per Lars Tonstad
Kagge forlag 2012
332 sider.

Mellom mange bøker om sportsheltar og underhaldningsstjerner fortener Mari Boine ei bok. Forfattaren Per Lars Tonstad kunne ha sletta nokre av dei sitata han kjem med frå historiske og vitskaplege kjelder. Det verkar som om han har freista å skriva to bøker i ei. Livet hennar er rikt og sterkt nok.

Til dømes: Ein sein marsdag i 2012 står Mari Boine på scenen i den fullpakka idrottshallen Báktehárju i Guovdageaidnu. Kvelden skal bli eitt av høgdepunkta i den 30 år lange karrieren. Med seg har ho Kringkastingsorkesteret. Ho er kjend over heile verda. Ho vart fødd i eit dramatisk tid for samane, fornorskinga dreiv nådelaust over Sápmi. Frå aust kom trugsmålet frå atomsprengingane over Novaja Semlja, berre 800 km frå Finnmark. Mange søkte tilflukt i religionen. I heimen til Mari Boine stod profeten Lars Levi Læstadius (1800-1861) høgt. Ikkje den ljose lærdomen, men den mørke som kuar menneska.

I ein slik atmosfære veks Mari opp. Ho er gåverik og stillfaren, men ho vil sjå ljoset. Ho går på Den samiske folkehøgskolen som Samemisjonen driv i bygda, der var samisk språk akta. Eit høgdepunkt inntrefte då den unge musikaren Ketil Bjørnstad kom på besøk. Lik Mari var meisterpianisten sjenert.

I intervju har ho fortald mykje om den dystre far sin. I boka som ligg mellom hendene, får vi eit langt meir nyansert bilete. Båe foreldra var slitarar og heiderlege menneske som gjorde sitt beste for dei fem borna som vaks opp.

Biografi forfattaren er jamgamal med Mari Boine. Han følgjer Mari frå ho er lita til vaksen. Boine og Tonstad vart kjende i samband med Alta-konflikten. Tonstad kom til Finnmark som ung journalist og markerte seg som ein arbeidsam og påliteleg fagmann.

Mari hadde vakse opp med salmesong, men no kom popmusikken snikande inn i stova gjennom radioen. Djevelen var laus, frykta faren. Ho var likevel ikkje til å stogge, og vegen gjekk vidare til gymnaset i Karasjok, der ein reformator til rektor la vekt på at elevane måtte få lære seg samisk. Så vart det lærarskole. Samstundes leikte musikken i hjartet. Ho kom med i visegruppa Báktegájá (Ekko). Var ho på veg bort frå den komande lærargjeringa? Sanninga får vi her, om tida som lærar i Indre Bille . ord, ekteskap, to gutar og så meir artistliv og definitivt oppbrot.

Best er boka der vi kjem inn på mennesket Mari Boine. Frå å fornekta det samiske vert ho ei talskvinne med vakker røyst. Tekstane hennar er smertefulle og samfunnskritiske. Livet krev mykje, reising, vaking, otte og dårleg samvit. Til tider nyttar ho for mykje alkohol. Ho treff nye menn og giftar seg, med Blondin frå Senegal. Etter tre år bryt dei opp. Så treff ho ein ny mann, men samlivet er ikkje vellukka. Sjokkmelding: han er sikta for valdtekt. Midt i kaoset får ho ein telefon frå Ole Henrik Magga, som fortel at ho har fått St. Olavs Orden.

Tonstad har bra grep på livslaupet. Men kva med språket? «Bauta» om menn, «viddas stjerne», «skjellsord tett som hagl» og «tårene rant i strie strømmer» gjer seg nok betre i vekeblad. Nokre faktafeil, til dømes om den sentrale kunstnargruppa i Máze/Masi, burde vore retta.

Boka om Mari Boine inneheld mykje til glede og nytte. Fotografia fortel si eiga soge, om eit menneske i rik utvikling mellom godvêr og stormar. Men ein runde til med manuset hadde ikkje skada.

 

 

Powered by Labrador CMS