Nynorsk til alle førsteklassingar
Tidlegare møte med nynorsk gjennom høgtlesing og lydbøker vil styrkje elevane sin kunnskap i norsk.
- Håvard B. Øvregård er leiar i Noregs Mållag
Elevar i barneskulen bør møte begge dei norske målformene alt frå første klasse. Dette er særleg aktuelt no, i samband med at Forum for norskfaget i oktober la fram ein delrapport om det framtidige norskfaget i skulen.
Dei som har bokmål som opplæringsmål, har stor nytte av å høyre også nynorsk gjennom høgtlesing og lydbøker. På den måten møter dei nynorsk i ein alder då dei enno har lite fordommar og stor evne til å lære språk
Stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer peikar båe på at det er nødvendig å styrkje kompetansen i nynorsk i samfunnet. Forum for norskfaget nemner spesifikt "tidleg start" som ein måte å styrkjea sidemålsopplæringa.
Dersom regjeringa ønskjer det, er det fullt mogleg å innføre "tidleg start" i samband med at læreplanane skal reviderast.
I dag skal elevane møte tekstar på både bokmål og nynorsk seinast i 4. årstrinn. Eit kompetansemål i læreplanen er at eleven etter 4. trinn skal kunne "samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer".
Vi er usikre på i kva grad skulane følgjer dette punktet i læreplanen, særleg skular i område der nynorsk er sidemål. Det bør derfor gå endå tydelegare fram av læreplanen at elevane skal møte tekstar på båe målformer tidleg, til dømes gjennom høgtlesing eller lydbøker.
Kompetansemåla etter 4. årstrinn bør styrkjast på dette punktet, og det bør leggast til nytt kompetansemål for 2. årstrinn.
For elevar med bokmål som opplæringsmål er det ein stor fordel om dei høyrer nynorsk høgtlesing allereie i første klasse, slik det òg er ein fordel for alle born å høyre nynorsk høgtlesing i barnehagen. Gjennom tidleg møte med nynorsk får dei ein utvida språkkompetanse, på same måte som elevar med nynorsk som hovudmål får utvida sin språkkompetanse gjennom stadig påverknad frå bokmål.
Vi veit at dess tidlegare elevane tek til å lære eit språk, dess betre lærer dei språket. Vi veit òg at tidlegare start med skriftleg sidemål gjev betre motivasjon til faget hjå elevar med bokmål som opplæringsmål. Dette er dokumentert i ei kartlegging av sidemålsundervisninga laga av TNS Gallup i 2006 på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Opplæringslova (§ 2-5) bør derfor endrast slik at den skriftlege opplæringa i sidemål tek til alt på barnesteget, seinast i 5. klasse. Etter opplæringslova i dag er det berre krav til opplæring i begge målformer dei to siste åra i grunnskulen.