KrFU ber KrF krevje kunnskapsministeren

Kunnskapsministeren blir skifta ut dersom KrFU får viljen sin, melder NRK. Her er postane ungdomspartiet vil at KrF forlanger for å gå inn i regjeringa.

 

Eit samla sentralstyre i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) ber moderpartiet krevje følgjande taburettar i forhandlingane om å gå inn i Erna Solberg si regjering:

  • Utanriksministeren
  • Kunnskaps- og integreringsministeren
  • Barne-, familie- og likestillingsministeren

I dag er det tre av Høgre sine mest profilerte politikarar som sit på postane: Ine Eriksen Søreide er utanriksminister, Jan Tore Sanner er kunnskapsminister og Linda Hofstad Helleland er barne- og likestillingsminister.

På oppfordring frå NRK trekk KrFU-leiar Martine Tønnesen fram fleire personar ho meiner bør vurderast for ein posisjon i KrF sitt regjeringsapparat:

  • Rebekka Ljosland (28), byråd for helse- og omsorg i Bergen
  • Inger Lise Hansen (37), tidlegare nestleiar i KrF
  • Ida Lindtveit (26), tidlegare KrFU-leiar og fylkestopp i nye Viken
  • Bjørg Tørresdal (60), tidlegare stortingsrepresentant
  • Dag Inge Ulstein (37), nyleg avgått sosialbyråd i Bergen
  • Daniel Siraj (43), konsernsjef i OBOS og tidlegare aktiv i Oslo KrF

I tillegg kjem forhandlingsleiar Kjell Ingolf Ropstad (33). Ropstad er favoritt til å bli ny partileiar i KrF, og han er sjølvskriven som statsråd om forhandlingane med Solberg-regjeringa lukkast.

 

Les heile saka frå NRK her.  

 

Les orgså: Kampen om departementet – KrF kan gå for kunnskapsministeren

 

Powered by Labrador CMS