Utdanningsdirektoratet har, med utgangspunkt i tal frå Statistisk sentralbyrå, rekna ut at 13 fylke vil ha elevnedgang i vidaregåande skole fram til 2022. Arkivfoto: Utdanning

Vidaregåande-lærarar blir overtallige

I vidaregåande skole i Troms blir det frå i haust ikkje tatt opp elevar til tolv skoleklassar som har vore i drift i år. Det gjer lærarar overtalige. Neste år kan det bli verre.

Publisert

Saka er oppdatert med kommentar frå fylkesråd for Utdanning i Troms. Red.

 

Leiar i Utdanningsforbundet Troms, Thomas Nordgård, stadfestar at det er fleire saker på gong om overtalige lærarar. Det er for tidleg å seie noko om utfallet for denne gruppa.

– Men vi risikerer at lærarar går inn i sommarferien utan å vite om dei har jobb til hausten. Det er naturlegvis tungt, seier han.

Grunnen er færre søkjarar til vidaregåande skole.

 

Distrikta

To av klassane som ikkje blir sette i gong, er ved Ishavsbyen vidaregåande skole i Tromsø. Ein annan er ved Stangnes vidaregåande skole i Harstad. Men dei fleste er ved skolar i distrikta. Til dømes blir klassen for køyretøy ved Nord-Troms vidaregåande skole ikkje starta opp i haust. Nedleggingane rammer yrkesfaga.

– At dette i så stor grad rammar skolane i små samfunn, tyder at desse stadene mister arbeidsplassar som krev høg kompetanse. Det gjer også at fylkeskommunen blir sett på som ein lite attraktiv arbeidsgivar på slike stader. Folk har ikkje tiltru til at dei tilbyr trygge arbeidsplassar. Båe delane er svært uheldig, seier Thomas Nordgård.

– Kan ikkje dei som blir overtalige ein stad, overførast til arbeid på ein annan skole?

– For svært mange er ikkje det noko reelt alternativ. Det hjelper ikkje om det er ledig jobb på Skjervøy for ein som bur sør i fylket. Avstandane er for store.

 

Verre neste år

Nordgård seier at det har vore relativt lite merksemd omkring prosessane for overtalige lærarar som skjer nå.

– Men vi må forvente meir bråk neste år. Da skal fylkeskommunen spare fleire titals millionar på skoledrift. Vi bør starte arbeidet mot konsekvensane av dette alt nå, seier han.

– Vil ein sterkare arbeidsgivar, altså ei samanslåing av fylke, sikre stabil skolestruktur betre?

– Skole og skolekvalitet har i svært liten grad vore tema i samband med fylkessamanslåing. Så det er inga utsegn eller planer som gir von om at færre og større fylke vil gi meir omsyn til små skolestader, seier Thomas Nordgård.

 

 Andre oppgåver ved skolane 

Skulle vi tatt vare på alle lærarar frå alle nedlagde kurs hadde det blitt ei dyr drift, seier fylkesråd for utdanning Troms Roar Sollied frå Venstre.

– Er det greitt at lærarar startar ferie utan å vite om dei har jobb til hausten?

– I ein desentralisert skolestruktur er det vanskeleg å unngå. Men vi prøver å gi dei det gjeld andre oppgåver ved skolane, seier Sollied og held fram:

– Det er i yrkesfaga vi har søkjersvikt. For dei 12 klassane vi har lagt ned, hadde vi, til saman, 28 primærsøkjarar. Dei overtalige lærarane frå desse kursa har bakgrunn i eit fag, og vi må tru at somme av dei kan gå tilbake som utøvarar i faget sitt, seier Sollied, og held fram:

– Samstundes med dette har vi lærarmangel i vidaregåande skole i Troms, framfor alt i norsk og framandspråk.

 

Ikkje overtalige i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane konstaterer fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, at dei denne våren ikkje er engasjerte i saker rundt overtalige lærarar i vidaregåande skole.

– Det trass i at talet på elevar går ned, seier han.

Men han kjenner problemet med overtalige godt frå tidlegare år, og han er budd på at det kjem igjen.

 

Elevnedgang i 13 fylke

Utdanningsdirektoratet har, med utgangspunkt i tal frå Statistisk sentralbyrå, rekna ut at 13 fylke vil ha elevnedgang i vidaregåande skole fram til 2022. Både Troms og Sogn og Fjordane er blant desse fylka. Fylka får pengar til vidaregåande opplæring som stykkpris per elev, så færre elevar tyder dårlegare økonomi.

Fylka der det ikkje er venta elevnedgang, er Oslo, Akershus, Rogaland, Aust-Agder, Buskerud og Østfold.

 

Powered by Labrador CMS