600 folkehøgskuleplassar for flyktningar vart ikkje brukt

Folkehøgskulane i landet ville bidra til integrering og sette av 700 skuleplassar til unge flyktningar, men 600 av plassane vart aldri nytta, melder NRK.

– På folkehøgskulen er vi saman med andre norske ungdommar. Vi har felles måltid, spelar volleyball og mykje anna. Slik lærer vi norsk veldig raskt, seier Nasib Armani.

Den afghanske 17-åringen er utan familie i Norge. Etter å ha fått opphald fekk han tilbod av bustadkommunen sin, Flora, om å gå på Sunnfjord folkehøgskule.

– Her får dei unge flyktningane vere ein del av eit norsk ungdomsmiljø, lære kulturelle kodar og samver mellom ungdom på ein unik måte, seier Jorun Knapstad, rektor ved Sunnfjord folkehøgskule til NRK.

Folkehøgskulen har opp til fleire gongar kontakta kommunar i området, utan å få svar frå fleire.

– Det er synd at ikkje fleire får denne opplevinga ettersom vi har plassar, seier Knapstad.

I fjor vart ti prosent av skuleplassane til folkehøgskulane sette av til unge flyktningar med opphaldsløyve. Dette utgjer 700 plassar. Regjeringa oppmoda kommunane til å nytte tilbodet, likevel står folkehøgskulane att med 600 ubrukte plassar.

 

Powered by Labrador CMS