Motbør, men ikkje avklart for barnehagemeldinga

Arbeidarpartiet og KrF har gjort store endringar i stortingsmeldinga om barnehagar, «Tid for lek og læring».

Publisert

Men i familie- og kulturkomiteen, som handsamar barnehagesaker, sit berre dei fire partia Framstegspartiet, Høgre, Arbeidarpartiet og KrF. Så sjølv om fleire endringar som regjeringa foreslår i meldinga ikkje har fått fleirtal i komiteen, gir det ingen sikker peikepinn om fleirtal eller ikkje fleirtal når saka kjem opp til avrøysting 7. juni.

- Med støtte frå Venstre får regjeringa fleirtal, konstaterer Geir Jørgen Bekkevold, KrF, og første nestleiar i familie- og kulturkomiteen.

- Samtalane eg har hatt gjer likevel at eg har god tru på at Venstre vil støtte endringane vi og Arbeidarpartiet er samde om, seier han til Utdanning.

Iselin Nybø (V) seier til Utdanning at ho ennå ikkje har fått sett seg inn i merknadane som dei to partia har gjort.

- Men vi har vore skeptiske til mange av framlegga regjeringa kom med i meldinga. Vi har og høyrt nøye på kritikken frå aktørar i barnehagefeltet. Generelt sett har eg oppfatta at vi er ganske på line med KrF i synet på meldinga, seier ho til Utdanning.

Partiet skal ta stilling til komitefråsegna på eit møte seinare i dag.

Powered by Labrador CMS