Framgangsmåten for ny rammeplan provoserer

Kunnskapsdepartementet skal skrive ny rammeplan for barnehagar sjølv, utan å nedsette eit fagleg utval først. Det bryt med tidlegare sedvane.

Publisert

 

Ny rammeplan skal etter planen tre i kraft frå hausten 2017. Ei arbeidsgruppe i Kunnskapsdepartementet har alt starta arbeidet med å forme ut tre utkast til ny rammeplan, ifølgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Desse utkasta vil bli lest og kommentert av fagspesialistar, fagmiljø og medlem i referansegruppa i departementet, heiter det i meldinga.

 

Forskarar

Dei to gongene tidlegare som rammeplanen for barnehagane er blitt revidert, har det vore ei gruppe med forskarar og praktikarar frå barnehagefeltet som har laga utkastet. Forslaget har så vore på brei høyring.

I 2013 sette Utdanningsdirektoratet på ny ned ei gruppe, som skulle gi framlegg til revisjon av planen. Leiaren var professor i barnehagepedagogikk Elin Eriksen Ødegaard. Dei leverte framlegg 14. februar 2014, men tre dagar seinare bestemte Kunnskapsdepartementet å utsetje revisjonen til 2016. Framlegget frå utvalet vart ikkje med i vidare prosessar. I staden skal altså departementstilsette skrive framlegget sjølv.

 

– Grov nedprioritering

Barnehagestyrar og tidlegare statsråd Heidi Grande Røys tykkjer dette er uambisiøst.

– Eg trur ikkje eg er hårsår for skjebnen til vårt rammeplan-framlegg, seier barnehagestyrar Heidi Grande Røys, som var medlem i utvalet, og som også var fornyings- og administrasjonsminister for SV frå 2005 til 2009.

– Men eg meiner denne framgangsmåten er ein grov nedprioritering av barnehagefeltet. På skolesida har nettopp Ludvigsen-utvalet levert ei offentleg utgreiing om framtidsskolen. Det er eit grundig og ambisiøst stykke arbeid som set i gong store prosessar og viktige diskusjonar på alle felt i Skole-Noreg, seier Røys, og held fram:

 

Vegval

– Nå seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei ny stortingsmelding at han vil gjere eit vegval for innhaldet i barnehagane, og at dette skal manifestere seg i ein ny rammeplan. Det er altså ikkje berre ei justering, men ei endring dette handlar om. Men vi får ikkje, som for skolen, ei offentleg utgreiing om endringane, og dermed heller ikkje dei viktige diskusjonane og prosessane.

– Er det ikkje godt nok at utkasta som blir forfatta i departementet skal bli kommenterte av spesialistar og ei referansegruppe?

– Nei, ein slik framgangsmåte gir ikkje rom for dei store, viktige diskusjonane om hovudpremissane.

 

– Utan ambisjon

– På denne måten går prosessen fortare, er ikkje det eit gode i seg sjølv?

– Kvifor slikt hastverk? Når ein statsråd set i gong arbeidet med ein offentleg utgreiing, da veit du at det er ein statsråd med ambisjonar. Det som uroar meg mest med dette, er ikkje at departementet skal leggje fram noe eg ikkje er einig i. Eg er redd for at vi har ein statsråd som ikkje har ambisjonar for barnehagen, seier Heidi Grande Røys.

 

Sololøp

Også nestleiar Hege Valås i Utdanningsforbundet er kritisk til prosessen for ny rammeplan.

– Det er vi barnehagelærarar som skal realisere den nye rammeplanen. Da må vi vere med i prosessen. Men i staden vel departementet eit sololøp.

Det er svært uheldig, seier ho.

 

 

Powered by Labrador CMS