Krev meir tid til for- og etterarbeid

Landsmøtet vedtok ein arbeidstidspolitikk for at lærarar i skole og barnehage må få meir tid til for- og etterarbeid.

Publisert

Under lønnspolitikk slo landsmøtet fast at ein må kunne forhandle løn for tilsette med høgare utdanning uavhengig av øvrige tilsette. Dette for å minke skilnadane i løn mellom tilsette med høgare utdanning i offentleg og privat sektor.

Eit sentralt system for lønn og sentral fastsetjing av lønn skal vere bærebjelken i lønnsfastsettinga for lærarar, vedtok landsmøtet.

Da landsmøtet diskuterte framlegget til politikk og arbeidsvilkår, kom det inn 93 endringsframlegg. Etter at redaksjonskomiteen hadde knadd saman framlegget og endringsforslaga, var det berre tre som ville oppretthalde sine framlegg. Av dei fekk Oppland fleirtal for å leggje til at leiarar skal tene meir enn dei som dei skal leie. Østfold fekk fleirtal for å skjerpe tonen i avsnittet om privatisering og kommersialisering av utdanning.

 

Powered by Labrador CMS