Elev flytta etter mobbing

Ein elev som blei utsatt for mobbing i fjor haust har no flytta. FAU-leiaren meiner skulen sette inn tiltak for seint.

No har skulen endra rutinane slik at det er fleire vaksne saman med elevane i friminutta. Det er også tilsett ein miljøterapeut som jobbar med det psykososiale miljøet blant elevane, skriv Strandbuen om episoden ved Årdal skule i Rogaland.

– Skulen har teke det på alvor og sett inn seriøse tiltak som kan fungera, men det tok for lang tid. Me måtte pressa på for lenge før det blei teke alvorleg nok, og følte i starten at problema blei feia under teppet, meiner leiaren i Foreldra sitt arbeidsutval (FAU), Bengt Åke Hauge.

Han trur skulen kunne ha unngått at foreldra flytta denne  eleven om dei hadde sett inn nødvendige tiltak med det same.

– Det er éin elev som har teke unødvendig mykje av støyten med problema på  skulen. Mobbinga blei også verre etter at eleven blei stempla som varslar, seier han.

Han meiner det er feil at det er eleven som blei utsett for mobbing som måtte flytta.

– Det er ikkje slik det skal vera, og skulen må ta sin del av ansvaret for at det blei slik, seier Hauge.

Kommunalsjef for oppvekst, Sigrund Kleppa, beklagar at det ikkje blei muleg å finna ei anna løysing. Han legg til at det var foreldra som valde å gjera det.

– Det er ein eigen strategi for korleis slike saker skal behandlast. Den har me følgd så lenge eg har kjent til saka. Målet er at slike saker skal løysast utan å flytta elevar. Om det ikkje fungerer, er det mobbaren - ikkje mobbeofferet - som skal flyttast. Her var det foreldra som sjølv valde flytting - ikkje  skulen. Me beklagar sterkt at me ikkje lukkast med å finna ei anna løysing før det kom så langt, seier ho.

Powered by Labrador CMS