Skuleuniform for lærarar

For tre år sidan vart skuleuniform for elevar innført på nytt i Russland. No ser det ut til å vere lærarane sin tur.

Publisert

Frå dette skuleåret er det ikkje lenger fritt fram for å kle seg som dei vil for lærarane i Belgorod-fylket sørvest i Russland.

Nokre skular har innført sams klesdrakt for alle lærarane, mens andre har plukka ut ulike høvelege plagg lærarane kan velje mellom. Lærarorganisasjonen Det fellesrussiske fagforbundet for utdanning har vore med på å fastsetje krava til dei aktuelle plagga, skriv den lokale nettavisa Belpressa.ru.

Korleis lærarar kler seg, har vore eit tilbakevendande tema i russiske medium i lengre tid, med særleg vektlegging av at påkledninga skal vere sømeleg og formell, og fleire stader er kleskode allereie innført.

Powered by Labrador CMS