Denne boka ble for drøy kost for en rektor i Rogaland. Foto: Oktober.

Rogalands-lærarar klipte bort Tore Renberg

I 2003 sette ein rektor i Rogaland lærarane i sving med å klippe ut teksten til Tore Renberg frå ein antologi frå Foreningen !les.

Publisert

Dei klipte ut utdraget frå «Mannen som elsket Yngve». Antologien over ny norsk ungdomslitteratur vart delt ut til skoleelevar som ein del av aksjonen «tXt».

Tre skolar trekte seg frå aksjonen på grunn av teksten til Renberg. Ved fleire skolar gjekk diskusjonane høgt. Både foreldre og lærarar var negative til Renberg-utdraget i antologien. Ordet «sex» samanfattar kva kritikken gjekk på.

Likevel vart det verre i 2008. Antologien til tXt-aksjonen dette året fekk overskrifter i media som «Serverer barn sex, vold og skrekk» (NRK), «Sex og vold skal lokke ungdom til å lese (Dagbladet), «Fikk lesebok med sex og vold» (Fredrikstad Blad).

Kritikarane var framfor alt foreldre som sa dei ville verne barna sine. I Bergen trua skolebyråd Tomas Moltu (KrF) med å stanse tXt-aksjonen for heile kommunen.

Av dei 14 utdraga var det særleg desse det vart reagert på: «Englefjes» av Ingelin Røssland, «Linas kveldsbok» av Emma Hamberg, «Ingen ild tenner stjernene» av Tor Fretheim og «Londonstaner» av Gautam Malkani

Vibeke Røgler fekk anonymt trusselbrev til si privatadresse. Til kontoret kom ein flaum av illsint kritikk. Leseaksjonen gjekk likevel sin gong.

– Dette ligg eit godt stykke tilbake i tida. Får de framleis slike reaksjonar?

– For nokre veker sidan fekk vi melding frå ein kristen friskole om at dei ikkje ville bruke antologien vi har laga til 6. trinn. Utdraget frå «Et hundeliv» av Arne Svingen var årsaka. Stikkord for misnøya var gjenferd og banning. Men det er svært sjeldan at vi får slike reaksjonar i dag, seier ho.

– Kva trur du er årsaka til det?

– Med smarttelefon har tiåringar nå lett tilgang til å oppdage både dei gode og dei vanskelege sidene ved livet. Da blir det tydelegare at vi ikkje kan sensurere bort litteratur om det vi ikkje vil barn skal sjå, seier ho, og held fram:

– Samstundes har vi i !les endra praksis. I starten ville vi gi elevane rein leseglede utan pedagogisk støy. Difor laga vi inga lærarrettleiing. Det var feil av oss. Vi førebudde ikkje lærarane på krevjande tekstar i antologiane. Nå har vi eigen norskpedagog som tilbyr pedagogisk opplegg rundt tekstane.

– Og i desse dagar sit sjetteklassingar og arbeider med mellom anna eit utdrag frå «Lydighetsprøven» av Bjørn Ingvaldsen. Det er ei fin, viktig og svært grufull bok. Vi meiner fellesskapen i klasserommet er ei god ramme for å arbeide med ein så vond tekst, og vi har ikkje fått klagar, seier Vibeke Røgler, og held fram:

– Dessutan er det blitt mindre banning i bøkene. Gjennom U-prisen, der ungdomsskoleelevar kårar beste ungdomsboka, har målgruppa sagt klart ifrå at dei meinte det var unødvendig mykje banning i somme ungdomsbøker. Forfattarane følgjer nøye med på vurderingane i denne kåringa, og eg trur dei har merkt seg kritikken.

– Kor går grensa mellom å ville sensurere ei bok og å meine at ei bok har for dårleg litterær kvalitet?

– I Foreningen !les meiner vi at barne- og ungdomslitteraturen kan ta opp alle tema, om temaet blir handsama skikkeleg og med litterær kvalitet. Å avvise ei bok på grunn av temaet, ikkje på grunn av kvalitet, er eit forsøk på sensur.

 

Lærarar protesterer mot bokutval

– Bokutvalet vårt har fått lærarar til å trekkje elevane frå bokkonkurransane vi arrangerer. Korleis vi skal reagere på det, kan vere eit dilemma, seier barnebibliotekar Siri Risdal i Stavanger.

Kvart år lar Sølvberget bibliotek i Stavanger skolebarn kåre årets beste nye bok.

– Når lærarar på grunn av innhaldet i ei eller fleire bøker ikkje vil vere med, får vi eit dilemma. Vi kan velje mindre kontroversielle bøker fordi vi ønskje å nå breitt, eller stå på vårt. Til nå har vi vald ikkje å endre i bokutvalet etter reaksjonar, seier ho.

Etter ein del usemje valde bibliotekarane i 2010 å ikkje ta med boka «Albin Prek» av Ingeborg Kringeland Hald i konkurransen

– Det er ei svært god bok om ein gut som opplevde krigen i Jugoslavia. Men det er ei bok som barn bør lese med oppfølging frå vaksne. Når vi sender boka ut i 7000 eksemplar, er vi ikkje sikre på at alle ungane får slik oppfølging, seier Siri Risdal.

Både lærarar og foreldre klagar på bøker barna kjem heim med frå biblioteket.

– Det lærer oss om reaksjonane på bøkene. Vi har ikkje opplevd krav om å ta bøker ut av hyllene, seier Siri Risdal.

 

– Omsorg for lesaren er ikkje sensur

Ragnfrid Trohaug synest ho har lese for mange lettvinte skildringar av valdtekt i manus til barne- og ungdomsbøker.

Trohaug er nytilsett redaksjonssjef for barne- og ungdomslitteratur i forlaget Cappelen Damm, etter mange år med barne- og ungdomsbøker i Samlaget.

– Eg meiner at barne- og ungdomslitteraturen skal ta opp vanskelege tema. Gro Dahle og Tormod Haugen er døme på forfattarar som gjer det på svært fint vis, understrekar Trohaug, som har skrive barne- og ungdomsbøker sjølv.

– Vi er likevel ikkje fritatt frå å vere kloke vaksne av di vi er forfattarar. Omsorg for lesaren er ikkje sensur, seier ho, og held fram:

– Tar vi valdtekt inn i ein tekst, kan vi ikkje gjere det lettvint. Vi må hugse at dei unge lesarane ofte ikkje har eit språk for det som er vanskeleg i livet. Å lære dette språket, og å øve seg i empati, kan vere ein del av det litteratur kan gi oss.

– Meiner du at du har lese for mange lettvinte skildringar av valdtekt i tekstar for unge?

– Ja, i kraft av å ha refusert ein del manus, har eg det, seier Ragnfrid Trohaug. 

Powered by Labrador CMS