Litteraturfolk er ueinige om bæsj i barnelitteraturen

Barnelitteraturen inneheld alt for mye bæsj, hevdar svensk kulturredaktør. Bæsjebøker har livets rett, seier norsk kritikar.

Publisert

All bæsjen i moderne småbarnslitteratur vitnar og eit sterkt forenkla syn på kva barnelitteratur kan og skal vere, seier kulturredaktør i den svenske avisa Västerbottens-kuriren Sara Meidell. Nå vil ho stoppe utviklinga av stadig meir bæsjelitteratur for småbarn.

Frå den nyare svenske litteraturen ramsar ho opp bøker med titler som «Alle bajsar», «Super-Charlie och bajsexplosionen», «En liten bok om mycket bajs» «Bajsfesten» og «När Doris bajsar». Det som fekk det til å renne over for Mejdell var boka «Hej baiskorv» av forfattar og reklamemann Henrik Hallgren.

Det er ikkje bæsjen i seg sjølv som er problemet, det finns gode barnebøker om bæsj, understreker Meidell i eit intervju med SVT. Ho trekk blant anna fram «Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans» av Wolf Erlbruch som døme på ei velskriven og ambisiøs bæsjebok. Erlbruch har fått Alma-prisen, (Astrid Lindgrens Memorial Award) for sine barnebøker.

Kynisk

– Men alt for mange meiner at om ei barnebok handlar om bæsj så er det greit å gi ut boka, utan omsyn til andre kvalitetar. Det er kynisk og kommersielt frå forlaga, seier kulturredaktøren.

– Eg gler meg til det framtidige mesterverket om dinosaurbæsj, kommenterer Eva Dahlin, barnebokredaktør i Bonnier Carlson.

Å klage på at for mange bøker handlar om bæsj seier ho er å vere uinteressert i korleis kommande forfattarar og illustratørar vil framstille bæsj. Å ikkje vere interessert i det er å ikkje ta barnelitteraturen på alvor, seier ho,

– Å diskutere om det er for mye bæsj i barnelitteraturen kan vere som å diskutere om det døyr for mange vakre unge kvinner i krimlitteraturen, seier Morten Olsen Haugen til Utdanningsnytt. Han er bibliotekar, rådgivar ved Trøndelag fylkesbibliotek og barnebokkritikar i Aftenposten.

Diller

Haugen minner om at barnebøker blir skapt ut frå kva vaksne trur barn er interesserte i.

– Difor ser i at det lett oppstår diller i barnelitteraturen. Det kjem mange bøker med same emne. Etter ei stund vil noen hevde at nå har vi nok dinosaurbøker, eller for mange bæsjebøker, seier han.

Haugen meiner marknaden sjølv vil regulere desse dillene.

– Har ikkje svenske Sara Meidell likevel eit poeng når ho seier at forlaget gjer det for lettvint for seg når dei gir ut bøker utan litterære kvalitetar og med bæsj som einast poeng?

-Om forlagene gjer det for lettvint for seg er ein diskusjon vi sikkert burde tatt oftare. – Men vi kjem ikkje bort i frå at dei skal tene pengar, seier Haugen, og held fram:

– At små menneske med kort livserfaring er fasinert av kroppsfunksjonar bør ikkje få vaksne, med meir erfaring med desse kroppsfunksjonane, til å bli snerpete, understrekar han.

Så deler Haugen barnelitteraturen i tre bolkar:

Livsrett

– I den eine bolken er bøkene med svært høg litterær verdi, slike som den moderne klassikaren «Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans». I den andre har vi bøker med eit svært stort læringsutbytte. Men så har vi den tredje, som korkje har store litterære kvalitetar eller som lærer oss særleg mye. Mange er kritiske til bøkene i denne kategorien, og det er nok her dei hamnar, bæsjebøkene den svenske kritikaren er misnøgd med, seier han.

– Men så lenge ungane har glede av dei meiner ungane eg vi skal akseptere desse, ofte sterkt kommersielle, bøkene som ein del av barnelitteraturen som har same livsrett som bøkene i dei to andre kategoriane, seier Morten Olsen Haugen.

Powered by Labrador CMS