Å lese om sex er den minst farlige form for sex som finnes, mener James LaRue. Illustrasjonsfoto: Sturt/Istockphoto

Frå sex til Raudhette: Skolar er under press for å sensurere

Vilje til å sensurere kva barn og unge skal lese barn og unge kan vere sterk, også i land der talefridom og fri rett til informasjon står sterkt. Ikkje minst når unge vil lese om sex.

Publisert

Den amerikanske bibliotekorganisasjonen American Library Organization, (ALA) har talt opp 41 bøker som vart kravd tatt ut av offentlege bibliotek i USA og Canada i fjor. 37 av bøkene er klaga inn av foreldre til skoleelevar. Oftast omfattar desse klagene både at boka er i biblioteket og blir brukt i undervisninga.

Denne artikkelen er også publisert i Utdanning nr. 17/2017

Samstundes meiner ALA at mellom 82 og 97 prosent av krava om å fjerne bøker ikkje blir registrert, av ulike grunnar.

 

Flest vil kaste ut «Harry Potter»

Band sju av Harry Potter-serien av J.K. Rowling er ikkje på lista i år. Det er likevel den boka, total sett, som ALA har registrert flest krav om å kaste ut.

Grunngjevinga for krava er at boka oppfordrar til okkultisme og undergrev kristendommen.

Samstundes er det få bøker som har seld så godt som denne. Og på lista over bøker som somme meiner bør ut av bibliotek og pensumlister er det mange store litterære namn med stort sal.

Er forsøk på å luke ut bøker berre er eit kuriøst fenomen som ikkje representerer ein trussel? Det meiner ikkje James LaRue.

 

Truga av kutt i økonomien

LaRue er direktør i avdelinga for intellektuell fridom og fridom til å lese i ALA, (Office for Intellectual Freedom og Freedom to Read Foundation). 14. september var han hovudtalar på seminaret «Sensur, selvsensur og omsorg i barnelitteraturen», arrangert av Norsk Barnebokinstitutt på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

I USA kan det vere kort veg frå politiske pressgrupper til skolar og bibliotek. Den som ikkje luker i hyllene kan frykte kutt i løyvingane, ifølgje LaRue.

Han nemnde ingen konkrete døme, men understreka at rapportane om krav om å luke ut bøker auka med 25 prosent sist år samanlikna med året før.

– Det er framfor alt skolane og skolebiblioteka som er under eit stadig sterkare press, seier han.

LaRue minner om at den amerikanske grunnlova sikrar at ingen skal kunne kontrollere eller avgrense moglegheiter til andre til å lese eller søkje informasjon.

– Men dei som vil luke bøker ut av biblioteka, vil ikkje la andre søkje informasjon fritt, seier James LaRue.

 

Klager om rasisme, sex og valdtekt

Blant bøkene som vart kravd fjerna frå bibliotek i fjor var «The Adventures of Huckleberry Finn» av Mark Twain. Biblioteket for dei offentlege skolane i Accomack County tok ut boka frå 29. november til 6. desember, etter klage frå foreldre om rasisme i boka. Styret for skolane vedtok at boka skulle inn att. Ifølgje den amerikanske bibliotekorganisasjonen kom det første kravet om forbod mot denne boka i 1885, året etter at boka kom ut. I omtrent alle år har det kome slike krav. Grunnane har variert med tida.

37 av bøkene er klaga inn av foreldre til skoleelevar. Oftast omfattar desse klagene både at boka er i biblioteket og blir brukt i undervisninga.

Blant bøkene på lista er sex er den hyppigaste grunngjevinga Dette ramma i fjor blant anna to bøker av nobelprisvinnaren Toni Morrison, «Beloved» og «The Bluest Eye». Dei vart kravd ut av biblioteket og ut av undervisning for tenåringar i Fairfax og Northvile. Grunnen var at dei skildra vald og valdtekt. Morrison skriv frå historia til afroamerikanarane. Krava vart ikkje tatt til følgje.

«The Perks of Being a Wallflover» av Stephen Chobovsky var årsak til eit tre timar langt ope møte med styret for ein skole i Pasco i Florida. Ein vikarlærar hadde latt ein klasse unge tenåringar lese boka. Foreldre meinte boka var usmakeleg på grunn av direkte seksuelle referansar. 40 personar hadde ordet på møtet. Resultatet vart at skolen skulle tilby alternativ litteratur til denne boka om foreldre eller elevar bad om det. Boka har eigen fanklubb, vart filma i 2012 og handlar om ein usikker tenåringsgut.

Rektor ved Hudson Park Elementary School i Rainier, Oregon, skreiv i fjor eit brev til foreldre og forsikra at alle tvilsame bøker var fjerna frå bibliotekhyllene. Bakgrunnen var at tilsette hadde funne boka «It is Perfectly Normal: Changing Bodies, Growing Up, Sex and Sexual Health» av Robie Harris.

I Sullivan, Tennesse ville foreldre, knytt til ei gruppe som kallar seg sjølv konservative kristne, ha vekk boka «My World History» av Krank Karpiel og Kathleen Krull, fordi dei meinte boka sette fram islamsk propaganda. Dei nådde ikkje fram.

 

 

Ein eventyrskog utan ulvar

Småbarnsbøker er ikkje på lista over bøker som er kravd fjerna frå bibliotek i fjor. Men dei er godt representert blant dei 250 krava om sensur James LaRue fekk gjennom 30 år som bibliotekleiar.

Fram til James LaRue vart direktør for Intellektuell fridom og fridom var han bibliotekleiar i Denver, Colorado. Før han begynte i den nye stillinga la han ut over golvet alle dei 250 krava han som bibliotekleiar hadde fått om å ta ut bøker frå biblioteket.

– Da såg eg at dei aller fleste klagene kom frå foreldre til barn mellom fire og seks, og frå foreldra til dei mellom 14 og 16 år, seier han.

– Og kva skjer med ungar i desse periodane? Dei opnar seg for verda. Foreldra misser kontroll, seier han.

– Og foreldre vil verne barna mot det farlege i verda. Difor vil dei forby bøker der barn kan oppdage desse farane. Men å lese om sex er den minst farlege forma for sex som finst, konkluderer han.

 

Bestemora til Raudhette drakk vin

Kravet til småbarnsbøkene skal vise «ein skog utan ulv», som han samanfattar det.

Ein familie meinte biblioteket måtte kaste ut ei bok om Raudhette. Men grunnen var ikkje ulven. Nei, det upassande var teikninga der bestemor, etter alle sine sterke opplevingar, tok seg eit glas vin.

Bildeboka «And Tango Makes Three» var 2006-2014 fleire gonger blant bøkene som er kravd luka ut frå biblioteka. Boka fortel ei sann historie frå ein dyrehage i New York. To hann-pingvinar oppfatta seg som eit par, og bygde reir saman. Men dei ikkje fekk egg i reiret sitt. Da eit anna pingvinpar forlèt sitt egg, la dyrepassaren egget i reiret til dei to hannane. Dei ruga fram ungen og tok seg av han slik tokjønna par gjer.

Boka vart oppfatta som ein normalisering av homofili, og provoserande. James LaRue hadde sjølv ein sint far i sitt bibliotek.

– Men tek vi imot slike klagar med interesse og respekt, går det oftast bra, seier LaRue

– Eg innleidde ein samtale. Den avdekte at sonen til mannen var oppteken av tog. Og den som søkjer ei bok om tog og kjem heim med ei bok om homofile pingvinar, har grunn til å vere sur. Bibliotekaren hadde ikkje funne rett bok. Med den orsakinga var det ikkje lenger viktig for mannen å få boka ut av biblioteket, seier han.

Gjeld klaga rasisme innrømmer LaRue at det kan vere vanskeleg å kome i god dialog, som da ei mor klaga over boka der den einaste eventyrprinsessa med dårlege eigenskapar var ho med mørk hud.

– Eg forstod mora. Men skulle rasisme vere ein generell grunn til å kaste ut bøker måtte eg ha kasta til dømes «Kjøpmannen frå Venezia» av Shakespeare òg, seier James LaRue.

Nå ventar han seg klager på bøker om innvandring.

– I år er første året der kvite ikkje er i fleirtal av USA-innbyggjarar under fem år. Det vil kome krav om sensur av bøker om innvandring, spår James LaRue. 

Powered by Labrador CMS