– Fagutviklinga på skulane må styrast av lærarane og profesjonen og ikkje overlatast til poltikarar eller leiarmodellar frå industrien, skriv Thom Jambak. Illustrasjon: Pixabay.
– Fagutviklinga på skulane må styrast av lærarane og profesjonen og ikkje overlatast til poltikarar eller leiarmodellar frå industrien, skriv Thom Jambak. Illustrasjon: Pixabay.

Vidaregåande opplæring i ei brytningstid

Debatt: Fagutviklinga på skulane må styrast av lærarane og profesjonen og ikkje overlatast til politikarar eller leiarmodellar frå industrien.

Publisert

Vidaregåande opplæring har vore stemoderleg behandla lenge. Det har ikkje vore djuptgripande endringar i vidaregåande sidan Reform 94, og elevane møter nær same tilbod og organisering i opplæringa som for 20 år sidan. Difor er det bra at Lied-utvalet skal komme med forslag til ny struktur og til korleis ein kan sette saman faga i vidaregåande skule.

Eit av dilemmaa Lied-utvalet må ta tak i, er målsettinga om at elevane både skal ha ei brei allmenndannande utdanning og ha spesialisert og praktisk kompetanse. Etter 2006 blei mål- og resultatstyring innført for fullt også i skulen. Læreplanane er det viktigaste styringsverktøyet i vidaregåande, men strukturen er heller ikkje tilpassa endringane i læreplanane dei siste åra.

Mange av lektorane og adjunktane som arbeider i vidaregåande opplæring, opplever at vidaregåande skule har blitt meir lik ungdomsskulen.

I reforma frå 1994 blei krava til det vi kallar fellesfaga styrka. Årsaka var at ein meinte elevane trong brei kompetanse for å lykkast i eit samfunn der endringane i arbeidslivet går stadig raskare. Det er enda meir aktuelt i dag. Ikkje berre er det større krav til teoretisk kompetanse i alle yrke, elevane skal kunne forstå samfunnet, få ei kulturell tilhøyrsle, tileigne seg felles referanserammer, evne å arbeide saman med andre og til å forstå seg sjølv. I tillegg skal dei kunne ta kritiske avgjerder og reflektere rundt etiske dilemma. Alt dette treng vi at dei framtidige generasjonane er i stand til. Difor er det viktig at Lied-utvalet legg vekt på at vidaregåande opplæring skal ha ein allmenndannande funksjon. Den allmenndannande dimensjonen ved vidaregåande opplæring blir ofte framstilt i opposisjon til den meir praktiske studie- og yrkesførebuande utdanninga. Den motsetninga er misvisande. Spørsmålet er korleis vektlegginga mellom dei to delane skal vere.

Lærarane frå vidaregåande skule får ofte kritikk for at studentar ikkje har kunnskap nok frå vidaregåande til å meistre høgare utdanning og at det er årsaka til at studentane ikkje gjennomfører studiane. Språkrådet skriv til dømes at den mangelfulle grammatikkopplæringa i den vidaregåande skulen pregar språkundervisninga på universiteta og høgskulane negativt. Eg trur kritikken er rett, og eg håper Lied-utvalet tar utfordringa på alvor.

Ei årsak til at universiteta og høgskulane meiner studentane ikkje er førebudde i tilstrekkeleg grad, kan vere at innføringa av eit år valfri påbygging med allmennfag for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. I praksis er kravet til generell studiekompetanse for opptak til høgare utdanning fullført og bestått i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og historie. Bestått krev altså berre karakteren 2 eller betre. Er du verkeleg førebudd til studiar på universitetet med karakteren 2 i til dømes norsk? Ein bør gå gjennom krava til generell studiekompetanse på nytt og nivået for det å vere studieførebudd bør bli tydlegare definert. Det er likevel samspelet mellom den breie, allmenndannande skulen og dei sjølvvalde emna som det er verdt å halde fast ved og utvikle i framtida. For å få til dette er vi avhengige av at det er tid og rom for fagutvikling på skulane. Dette må styrast av lærarane og profesjonen og ikkje overlatast til politikarar eller leiarmodellar frå industrien.

Mange av lektorane og adjunktane som arbeider i vidaregåande opplæring, opplever at vidaregåande skule har blitt meir lik ungdomsskulen. Arbeid med faga har vore nedprioritert til fordel for andre oppgåver. Moglegheita til å til å førebu undervisning, undervise og evaluere undervisninga har vore mindre. Det er avgjerande at elevane tileignar seg den kunnskapen dei treng når dei skal vidare til universitet eller høgskuler. Då er lærarane si faglege utdanning viktig. Men heile ein femtedel av dei som underviser i vidaregåande, er ikkje kvalifiserte.

Å aleine legge ansvaret på læraren for dårleg studieførebudde elevar blir å rette bakar for smed.

Skulesystemet i dag sentraliserer makt og desentraliserer ansvar. Difor sit ofte læraren og skuleleiaren igjen som svarteper trass i at føresetnadene for å drive ein god skule ikkje alltid er til stades. Å aleine legge ansvaret på læraren for dårleg studieførebudde elevar blir å rette bakar for smed.

Samfunns- og arbeidslivet i framtida vil stille store krav til kompetanse. Men det er ikkje noko nytt. Gjennom 1970- til 2000- talet var vi i stand til å omstille Noreg frå eit fiske- og jordbrukssamfunn til eit høgteknologisk oljesamfunn med stor sosial og økonomisk likskap. Dette klarte dei som hadde gått på den «dårlege» skulen før «PISA-sjokket» og innføringa av mål- og resultatstyring i skulen. Kunnskapar, ferdigheiter og verdiar låg til grunn.

Skal vi skape sjølvstendige, kunnskapsrike, kreative, kritiske og oppfinnsame samfunnsborgarar, treng vi ein fagleg sterk og allmenndannande vidaregåande skule.

Ei av dei viktigaste tinga ein burde sjå på, er om ein kunne endre mål- og resultatstyringa i skulen. Men det er dessverre ikkje innafor mandatet til Lied-utvalet.

* Dette innlegget stod først på trykk i Utdanning nr. 12/2019, s. 40