Nivået går ned i tyske skolar

Ferdigheitene til tyske skoleelevar er blitt jamnt dårlegare sidan 2013.

Publisert Sist oppdatert

Fram til 2013 steig nivået på prestasjonane til tyske skoleelevar. Men sidan da har det gått gale vegen, ifølgje det tyske «Institut der deutchen Wirtschadfft», tysk institutt for økonomi, i ein studie. Det er TV-stasjonen ZWF som melder dette.

Eit døme er gjennomsnittet for kor dyktige fjerdeklassingar er til å lese og lytte. Det som i 2021 var gjennomsnittet for slike ferdigheiter for alle dei tyske delstatane, er likt med gjennomsnittet i den dårlegaste delstaten i 2011.

Forskarane peikar særleg på ein årsak dei ser som viktig for dette. Dei meiner skolane og barnehagane ikkje har funne det dei kallar gode svar på at barnegruppene er blitt meir ulike, og at fleire barn ikkje har tysk som morsmål. Meir bruk av barnehagar og større fridom til skolane er blant tiltaka dei meiner må kome.

Powered by Labrador CMS