Slik tøyla ho antibac i kastevind

Marion Kverme tok bokstaveleg talt antibacen i Måken barnehage i eigne hender.

Smittevernmantraet Antibac fungerte ikkje som det skulle i Måken barnehage, som ligg rett ved kaikanten i Sirevåg i Hå kommune i Rogaland. Da vakna barnehagens eigen Reodor Felgen, alias pedagogisk leiar Marion Kverme.

Det var Jærbladet som først skreiv om dette.

– Kva var problemet?

Utdanningsnytt spør Marion Kverme.

– Været, svarar Kverme.

Les også: Terje hyller barnehageheltene under pandemien

Vind og regn

– Vi hadde ei antibac-flaske med pumpe ute ved porten, slik at foreldra kunne vaske seg før dei kom inn. Men her, rett ut mot havet på ytst på Jæren, er det godt med både vind og regn, seier ho.

Så flaska fekk ikkje stå i ro. Ho blåste ned, vart slengd rundt, sprang lekk og fraus.

– Vi hadde ikkje lyst til å feste ho til veggen heller, sidan det er andre som nyttar barnehageområdet når vi er stengt, seier Marion Kverme.

Teikna

Dei trong altså ein behaldar som var solid, sto trygt men likevel var lett å flytte ut og inn.

– Eg tenkte meg om for å finne ut korleis han burde vere, og så teikna eg han, seier Marion, enkelt og greit.

Men ho stoppa ikkje med der.

Lyfter saman

– Vi har ei mekanisk verksemd her i nærleiken som lagar store ting til oljeindustrien, men og småsaker som vanlege folk har bruk for, forter Marion.

Og der jobbar bror hennar. Han treng aldri mange forklaringar for å lage det folk treng. Så nå såg han berre på teikninga til søstera og gjekk i gong.

Så nå har Måken barnehage fått akkurat det dei ville ha, ein beholdar som dei lett kan trille ut og inn og som ikkje bryr seg om vind og vær. Han er dekorert med mottoet for Hå kommune: «Me lyfter saman»

– Vi syntest det passa bra i desse tider, seier Marion Kverme.

Powered by Labrador CMS