Rektor ved Flora ungdomsskule lar heile skulen, elevar, lærarar og fagarbeidarar få delta på eit felles opplegg i samband med at Natur og Ungdom i dag arrangerer ein landsomfattande streik. Foto: Google

Rektor i Florø om klimastreiken: – Vi set pris på at elevane engasjerer seg

Elevar og lærarar på Flora ungdomsskule deltek i dag på eit felles opplegg om bærkraftig utvikling. Vi set pris på at elevane engasjerer seg i samfunnsviktige spørsmål, seier rektor Kari Vårdal.

Publisert

– Skulen er i gang med å førebu seg til innføring av nye læreplanar som skal gjelde frå august 2020. Eit sentralt område i den nye læreplanen er berekraftig utvikling, skriv rektor Kari Vårdal på skulens heimeside.

Ho lar heile skulen, elevar, lærarar og fagarbeidarar få delta på eit felles opplegg i samband med at Natur og Ungdom arrangerer ein landsomfattande streik i dag. Streiken skal markere at ungdom ber politikarane om å ta miljøproblema meir på alvor.

Deltaking på arrangementet etter oppsett plan vil bli definert som skuleaktivitet, og ikkje medføre fråvær, skriv rektor.

Skulen har planlagt at elevane møter i sine klassar med sine lærarar og fagarbeidarar for å førebu deltaking i klimaaksjonen. Her blir det informasjon, skriving av appellar og laging av plakatar.

Elevane går saman med sine lærarar og fagarbeidarar til torget der sjølve arrangementet/streiken skal gå føre seg. Etter å ha deltatt skal alle møte til 5. time. Her skal elevane sine erfaringar frå deltaking, og engasjementet for berekraftig utvikling skal summerast opp i den enkelte klasse.

I eit brev til foreldra skriv rektor at dersom elevar skal delta utover oppsettet skulen har planlagt, må foreldre søkje permisjon for eleven. Då vil eleven få gyldig fråvær.

 

Elevar på Florø skule kan delta med foreldre

Elevar på Florø skule, med barn frå 1. til 7. trinn, kan delta i klimaaksjonen.

På denne skulen blir det å delta i klimastreiken sett på som ei førebuing til å ta i bruk nye læreplanar der «berekraftig utvikling» og «demokrati om medborgarskap» er tema.

I eit informasjonsbrev til foreldra skriv rektor Marianne Nødset: - Vi ser positivt på at barn og unge engasjerer seg og ønskjer å bidra til ei samfunnsendring.

Rektor skriv at det er venta at ei stor folkemengde samlar seg på torget 22. mars. Då er det naudsynt at elevar frå 5 til 12 år har tett tilsyn av vaksne.

Føresette på 1. til 6. trinn som ønskjer at deira barn skal delta i felles klimamarkering på torget, er bedne om å hente barna på skulen 9.30. Kontaktlærar må meldast på førehand.

Elevar på 7. trinn deltar saman med kontaktlærarane sine.

 

Elev på vidaregåande skal ikkje delta

Ida Martine Brendø (17), elev på Flora vidaregåande skule, kjem ikkje til å møte på torget for å streike. Ho er med i Unge Høgre og kritisk til aksjonsforma, skriv Firdaposten.

Som medelevane er ho oppteken av den dårlege stoda til klimaet. Men ho meiner ein må bruke heilt andre verkemiddel enn å streike:

- Ungdomsengasjement er noko av det flottaste som finst, men vi må gjere meir enn å skulke skulen for å stå på torget og rope, seier ho til avisa.

Ina er nestleiar i Ungdommens bystyre (UB) der ho representerer Unge Høgre.

 

Powered by Labrador CMS