Sterk tysk utdanningssatsing

Den komande tyske koalisjonsregjeringa vil satse sterkt på utdanning, konkluderer nettutgåva til avisa Die Zeit.

Partane er einige om å auke overføringane til skole, høgskole og forsking med meir enn 10 milliardar euro, ifølgje avisa. For betre kvalitet i barnehagane er det planlagt å bruke eit par milliardar.

– Det er ikkje mange land som investerer så mykje i framtida, kommenterer Die Zeit.

Dei konservative partia CDU og CSU har vore i regjering saman med sosialdemokratiske SPD sidan desember 2013, og partia forhandlar no om fortsatt regjeringssamarbeid, ettersom valet i september i fjor ikkje gav fleirtal for andre alternativ.

 

Powered by Labrador CMS