Kunnskapsminister Guri Melby (V) gjev Utdanningsdirektoratet oppdraget med å rydde i lærarstatistikken.
Kunnskapsminister Guri Melby (V) gjev Utdanningsdirektoratet oppdraget med å rydde i lærarstatistikken.

Regjeringa vil undersøkje tal om ukvalifiserte lærarar

To statistikkbankar viser ulike tal på ukvalifiserte lærarar. No skal Utdanningsdirektoratet finne ut kvifor.

Publisert

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at det er litt over fem prosent ukvalifiserte lærarar i skolen, mens tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det er nesten 24 prosent som underviser utan lærarutdanning.

I august ba Utdanningsforbundets leiar Steffen Handal departementet om å rydde opp i statistikken.

– Vi ynskjer ein betre oversikt over korleis bruken av ukvalifiserte faktisk er ved norske skolar, sa Handal.

No meldar regjeringa at Utdanningsdirektoratet skal finne ut kvifor tala er så ulike.

– Gode og kvalifiserte lærarar er viktige for at elevar skal lære. Difor har regjeringa mange tiltak som sørgjer for fleire lærarar med lærarutdanning i skolen. Samstundes må vi ha eit godt faktagrunnlag i det vidare arbeidet for å få ned talet på dei ukvalifiserte, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Les også: Lærermangelen i småskolen kan nå 20 prosent om få år

Ulike definisjonar

Ifølge departementet viser førebelse undersøkingar at det er skilnadar i korleis statistikken blir laga som fører til at tala fra SSB og GSI ikkje kan bli like, heter det i pressemeldinga.

– Mellom anna tel dei to aktørane ulike grupper lærerar. Lærarkompetanse er også målt ulikt. Til dømes har SSB med fleire timeløna lærarar i si oversikt. Når det gjeld kompetanse ser GSI på om læraren fyller krava for tilsetjing, medan SSB ser hva for utdanning læraraen har. Dette er likevel ikkje nok til gje ei fullgod forklaring på dei store forskjellaene som har kome frem, skriv departementet.

Les også: Ber departementet rydde i lærerstatistikk

– Bruk opplæringslova

Utdanningsforbundet meiner ein må leggje opplæringslovas definisjon av ein kvalifisert lærar til grunn.

Der heter det at: "Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årstrinn og i ulike skoleslag". (oppll § 10-1)

"Alle som skal tilsetjast i undervisningsstilling, må ha pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane med forskrifter, jf. lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-2 andre ledd, eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse". (forskrift til oppll §14-1)

– Ein ukvalifisert er ein som ikkje oppfyller krava i opplæringslova for å bli tilsatt. Det handler ikkje om dei som ikkje er kvalifisert for å undervise i enkelte fag, der er det egne regler, sa Handal til Utdanningsnytt i august.