Pågripen for fotografering av politivald

Då tre politimenn gjekk laus på ein afrikanar med køller i sentrum av Aten, fotograferte Utdanning sin tidlegare nettredaktør Fred Harald Nilssen det som skjedde. Dermed vart det han som vart teken hand om av den greske ordensmakta.

Publisert Sist oppdatert

Fred Harald Nilssen var i Aten for å springe maraton i november då han gjekk bortover Sofokleos-gata i sentrum av den greske hovudstaden.

– Brått stogga ein politibil og tre politimenn kom ut. Dei tok ein afrikanar med seg inn i ein passasje og begynna å banke han med køller, fortel Nilssen, som er pensjonist, men likevel held fram med noko journalistisk arbeid på frilansbasis.

Han reagerte sterkt på det han såg, tok opp kameraet og fotograferte hendinga. Det likte politifolka dårleg, ifølgje Nilssen.

– Dei slutta å slå og kom i staden mot meg. Eg synte dei passet og det internasjonale pressekortet mitt. Dei kravde å få sjå biletet eg hadde teke, men det gjekk ikkje, fordi batteriet på kameraet hadde gått tom for straum, seier han.

Mens afrikanaren vart ståande att, tok politiet Nilssen med i bilen. Dei drog innom ei fotoforretning for å få sletta fotografiet. Han fekk opplyst at dei ikkje kunne finne biletet på minnebrikka i kameraet.

Dytta i brystet

Deretter vart Fred Harald Nilssen frakta med til politistasjonen, noko som vart ei ubehageleg oppleving.

– Då vi gjekk opp trappa, vart eg dytta i ryggen og i brystet av ein av politimennene, fortel Nilssen, som hadde ein større hjarteoperasjon i 2007.

Nilssen vart fortalt at det ikkje er lov å fotografere politifolk i teneste. Samtidig fekk han inntrykk av at dei tilsette ved politistasjonen ønskte å gjere seg ferdig med saka så fort som mogleg. Etter ein time fekk han gå.

Etterpå skreiv Fred Harald Nilssen ein rapport til turistpolitiet i Aten, der han klaga både på valdsbruken mot afrikanaren og på handsaminga han sjølv fekk.

Han fortel at han reagerte spontant då han vart vitne til mishandlinga av afrikanaren.

– Eg tykte at dette var for ille og at eg måtte dokumentere det som skjedde, seier Nilssen.

Fleire menneskerettsgrupper har kritisert Hellas for politivald, mellom dei Amnesty International, som peikar på at innvandrarar og andre minoritetsgrupper har vore særleg utsette.

– Openlys politivald må vere problematisk for eit land som er medlem av EU, som flaggar demokratiske verdiar. Slikt strir heilt med desse prinsippa, poengterer Nilssen.

Etter boka

Advokat Ina Lindahl i Norsk Journalistlag meiner Fred Harald Nilssen ser ut til å ha gjort alt riktig, i alle fall etter dei norske retningslinene for korleis journalistar skal oppføre seg i kontakt med politiet.

– Han blanda seg ikkje inn i situasjonen, men stod på avstand og fotograferte, og han identifiserte seg som journalist då politiet tok kontakt med han. Etter mitt syn er dette derfor eit urimeleg inngrep, seier Lindahl.

Ho syner òg til at Den europeiske menneskerettsdomstolen to gonger har slått fast at i saker om politivald skal omsynet til ytringsfridommen ha særskilt sterkt vern.

– Hellas er bunde av avgjerdene til denne domstolen, og derfor overraskar det meg dersom det er eit forbod mot å fotografere politifolk i ein slik situasjon, seier ho.

Etterforsking

Ambassaderåd Foivos Angeletos ved den greske ambassaden i Oslo seier greske styresmakter ser alvorleg både på skuldingane om politivald mot afrikanaren og på handsaminga Fred Harald Nilssen fekk då han fotograferte hendinga.

– Derfor har vi sendt informasjonen vidare til politistyresmaktene i Aten og bede dei om å etterforske saka, seier Foivos Angeletos til Utdanning.

Han forsikrar at styresmaktene i Hellas ser alvorleg på urettmessig valdsbruk frå politiet si side.

– Innenriksministeren har sagt klart frå at politifolk som ikkje respekterer menneskerettane, har ingenting i politistyrka å gjere, understrekar han.

Samtidig peikar han på at dette skjedde i eit av dei meir belasta områda av den greske hovudstaden, som ifølgje Angeletos har vore kontrollert av organiserte kriminelle grupper. Han peikar òg på at mange av innvandrarane til Europa kjem først til Hellas, og at det er ei stor utfordring for ordensmakta i landet.

– Hendinga kan ha vore ein del av ein svært spent situasjon, seier han.

Angeletos stadfestar at politifolka kan ha hatt lova på si side då dei greip inn mot Nilssen fordi han fotograferte det som skjedde.

– Den generelle regelen er at det ikkje er lov til å ta bilete av personar utan at dei gir godkjenning til det, seier han.

– Det er vel ikkje særleg sannsynleg at dei ville gått med på å bli tatt bilete av i ein slik situasjon?

– Nei, kven ville vel det.

 

 

Powered by Labrador CMS