Det var strenge tryggingstiltak, mellom anna måling av kroppstemperatur, då skulane i Delhi opna att 5. februar. Men ikkje alle elevane er på plass.

166.000 elevar er søkk vekk

I januar og februar har skulane i India gradvis opna. Men langt ifrå alle elevane kjem attende.

INDIA: Den indiske avisa Hindustan Times skriv at i hovudstaden Delhi har meir enn 166 000 elevar forsvunne frå undervisninga etter at frammøte på skulane vart erstatta med digitale timar, ifølgje tal frå dei lokale skulestyresmaktene. Det svarar til 8,5 prosent av elevane i dei offentlege skulane i hovudstaden. Skulane klarer ikkje å spore dei opp.

Talspersonar for styresmaktene trur dei viktigaste årsakene er at mange familiar frå andre stader i India har flytta attende til heimtraktene fordi mykje i samfunnet elles stengde ned. Dei meiner også at overgangen til digital opplæring òg har ført til at elevar vart borte frå undervisninga. Ein reknar med at ein stor del av elevane som ein ikkje kan gjere greie for, kjem frå fattige kår.

I løpet av dei siste månadene har skulane prøvd å spore opp elevar ved å ringe på dører, sende brev og organisere grupper som leitar etter dei.

Situasjonen er litt betre i dei statleg drivne skulane i Delhi. Der er rundt 2,5 prosent av elevane borte.

Ekspertar ser ikkje bort ifrå at ein god del av desse borna kan ha blitt tekne ut av skulen for å jobbe og hjelpe familien.

– Det er naudsynt med omfattande tiltak for å spore opp elevar som har blitt pressa inn i barnearbeid på grunn av økonomiske problem i kjølvatnet av pandemien. Familiar prioriterer annleis enn før på grunn av den økonomiske krisa. Det er fare for at fleire skal falle ut av skulen dersom denne situasjonen held fram, seier Sanjay Gupta, leiar for hjelpeorganisasjonen CHETNA.

Mukesh Suryan, ein av leiarane for skulestyra i Delhi, seier at dei ikkje kan gje opp elevar som er blitt borte.

– Vi vil fortsette å leite etter desse elevane gjennom heile året med hjelp frå skulekameratar og naboar, seier han til avisa.

Powered by Labrador CMS