Dei gode intensjonars tyranni – om fysisk aktivitet i skulen

Stortinget vedtok å innføre pålegg om ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen utifrå edle intensjonar om å betre barn og unge si helse. Debatten har rast i tida fram mot vedtaket.

Lærarorganisasjonane har protestert, medan enkelte politikarar i pressa no har jubla for at dei får innført dette «folkehelsetiltaket». Eg for min del trur ikkje dei siste forstår kva dei har gjort.

Ein helsedebatt ?

Resultat frå relevante forskingsprosjekt er enno ikkje klare og  fleire forskarar på kroppsøving er kritiske. Ifølge aftenposten.no (03.12.17) ser ikkje dette ut til å uroe  helsepolitikar Toppe frå SV, ein av forslagsstillarane. Ho seier dette ikkje først og fremst handlar om betre læring, men betre helse, og  at «å vente til det er dokumentert at dette gir bedre læring, er bortkastede ressurser». Eg for min del trur heller ikkje ein kan dokumentere at vedtaket vil føre til betring av helsa til elevane, særleg ikkje når mykje av denne fysiske aktiviteten vil måtte finne stad i tronge klasserom. Det er sikkert slik at fleire lærarar burde ha vore flinkare til å bruke meir varierte og fysiske metodar. Det problematiske her er likevel ikkje desse sidene av saka, men dei overordna spørsmåla slik innblanding reiser.

Å følgje diskusjonen i Stortinget var interessant i så måte. Forkjemparane argumenterte for samanhengen mellom fysisk aktivitet og helse, trivsel og læring. Motstandarane la vekt på læraren sin autonomi og metodefridom. Dei to sidene førte altså parallelle debattar som berre sjeldan berørte kvarandre. Forslagsstillarane var lite interesserte i å diskutere det store prinsipielle spørsmålet: Kven skal ta faglege avgjerder i ein profesjon si yrkesutøving ?

Når politikarar gjer seg til fagfolk

Helsepolitisk talsmann Wilkinson i SV meiner ein kan integrere denne aktiviteten i den vanlege fagundervisninga. Han kan fortelje at ein for eksempel kan ha «en mattestafett i en mattetime eller ordstafett i norsk.» (nrk.no 30.11).  Nestleiar Bollestad i KrF meiner det er «viktig å velge lystbetonte aktiviteter der alle kan oppleve mestring» (tk.no 30.11.). Toppe meiner at «det må oftere gå an at elevene beveger seg utendørs for eksempel i naturfagtimene.» Wilkinson kan også fortelje at denne eine timen vil føre til betre læring, Bollestad at det vil gje betre folkehelse, ein meir morosam, praktisk og variert skulekvardag og redusere fråfall frå vidaregåande skule. Rikspolitikarane opptrer altså som  faglege ekspertar som kjem med ikkje berre pålegg, men pedagogiske og metodiske vurderingar og råd . Dette vert tydelegvis opplevd som meir legitimt enn å uttale seg om korleis kirurgar skal operere, elektrikarar skal kople ledningar eller sjukepleiarar setje sprøyter, det ser vi sjeldan.

Mistillit til lærarane

Ifølge utdanningsnytt.no (04.12) spurte ikkje helsepolitikarane på Stortinget Utdannings – og forskingskomiteen før dei vedtok forslaget om aktivitetstimen i skulen. Profesjonen vart heller ikkje spurt. Forslaget til Stortinget viser til kva Friluftsrådenes Landsforbund, Norsk Friluftsliv og Den Norske Turistforeining meiner medan dei ikkje ein gong nemner lærarane sine organisasjonar. Ei auka satsing på fysisk aktivitet er mogleg innan dagens regelverk. At Stortinget ser seg nøydde til å endre regelverket, kan ikkje tolkast som noko anna enn mistillit til lærarstanden. Vi er i gang med arbeidet med ein ny læreplan som skal lette på stofftrengsel i skulen. I staden for å presse inn meir i skulen gjennom eit slikt vedtak burde ein sjå temaet fysisk aktivitet i samband med utarbeiding av den nye planen – i samarbeid med lærarane.

Profesjonane sitt skjøn

Samfunnet skal absolutt sjå både skulen og lærarane kritisk i korta og legge føringar for kva som skal vere innhaldet i skulen. Likevel er noko av det mest grunnleggande i forståinga av profesjonane at ein tillegg dei autonomi og tillit utifrå at dei har tileigna seg fagleg, teoretisk og praktisk  kompetanse gjennom utdanning og erfaring. Vi lit i utgangspunktet på at legane gjennom si utdanning er i stand til å gjere dei beste avgjerdene for vår helse og at  elektrikaren er den som best sørger for at det kjem lys i lampen utan at huset brenn ned. Grunnskulelærarutdanninga er no ei femårig masterutdanning, ei utviding gjort for at lærarane skulle vere enda meir kvalifiserte til å ta gode avgjerder. Dei skal bruke kompetansen til å avgjere kva om er best for akkurat deira elevar, i akkurat deira fag.

I  handsaminga av Meld. St. 28 (2015–2016), vert det understreka at «det er lærernes ansvar og faglige skjønn som skal avgjøre hvilke metoder og virkemidler som skal tas i bruk i undervisningen for å nå kompetansemål og oppfylle skolens generelle samfunnsmandat.» Stortinget har altså tenkt kloke tankar om dette, desse er tydelegvis gløymde allereie.

Vedtaket føyer seg inn i rekka av forsøk på å avgrense lærarstanden sitt faglege skjøn. Det grip inn i kvart einaste fag gjennom kvar einaste time gjennom heile skuleåret. Symbolkrafta i nettopp det er stor – og vedtaket møter difor  kraftige reaksjonar av heilt andre grunnar enn motstand mot fysisk aktivitet. Skulen blir betre gjennom at lærarar får bruke fagleg skjøn for å gjere avgjerder som er til beste for borna våre. Gjennom å kjenne sin kompetanse verdsett blir dei motiverte til å strekke seg enda lenger for å motivere sine elevar. Denne type vedtak kan vere øydeleggande i ein situasjon der vi så sårt treng å rekruttere og behalde mange fleire lærarar.

 

  • Gunhild Nordvik Reite er doktorgradsstipendiat i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda og tidlegare grunnskulelærar.
Powered by Labrador CMS