«Klassen» – særs god og aktuell bok

Tid til elevane er langt viktigare enn rapportar og formalitetar.

Publisert   Sist oppdatert

«Menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage», skreiv Sigrid Undset. Medan ein i skuleverket druknar i rapportar og skjema, så er det framleis slik at det er gode relasjonar som er avgjerande. Men målstyring og kontrollar av det som vanskeleg let seg kontrollera, er vortne viktigast for styresmaktene.

«Klassen» av Marte Spurkland.<br>Cappelen Damm 2017.
«Klassen» av Marte Spurkland.
Cappelen Damm 2017.

Kunnskapsministeren og politikarar generelt burde lesa «Klassen» av Marte Spurkland. Dette er skulen slik lærarane kjenner han på sitt beste. Det er empati, menneskekunnskap, relasjonar og tilpassa opplæring. Tid til elevane direkte og på mobil døgeret rundt, reddar fullføringa for enkelte, og er viktigare enn rapportar og formalitetar for å skapa «gagns menneske».

Boka fekk Bokhandelens sakprosapris i 2018.

I Bragejuryens vurdering står det: «Spurkland maktar å gi eit klokt og aktuelt innsyn i vilkåra vi set for sjølve livet, i eit klasserom.»

Kanskje Utdanningsforbundet har pengar til eit klassesett til regjeringa?